Tonje Fjågesund

Eg er ikkje oppvaksen på gard, og eg har ikkje gått på Ås. Men eg har likevel funne vegen inn i landbruket. Og jammen er eg glad for å ha landa her – som fruktrådgjevar på Njøs i Sogn. For vestlending er eg (fødd Siddis) og ekte landbruksentusiast.

Det er vår og det går raskt frå grønt til kvitt i frukthagane, likevel fant ein fruktrådgjevar tid til å stikke innom konferansen Klimaomstilling, som blei arrangert i Sogndal 26.-28. april. Jordbruk var eit sentralt tema på den 7. utgåva av konferansen. Påmelding var ope for alle interesserte og ressurspersonar frå mange ulike deler av samfunnet samla seg for å skifte ord om nokre av vår tids største utfordringar.

Nokre konferansar lider av å vere høgtsvevande og distansert frå røynda, der orda frå talarstolen er velvade og kleskoda stram. Denne konferansen passa dårleg med slike fordommar. Den første dagen var via til ekskursjon med vitjing av marknadshage og konferansedeltakarane fekk sjå - og kjenne på – kompost på Sogn Jord og Hagebruksskole, og seinare møte fruktdyrkarar i Lærdal. Neste dag fant rett nok stad i ein konferansesal, men vart opna med geitelokk, viser og barnesongar om matauk. Utover dagen fylgde innlegg frå Vestlandsforsking, NIBIO, SIMAS, Asko alle med forskjellige, men likevel samstemde, innfallsvinklar til matberedskap og norsk jordbruk i eit berekraftsperspektiv.

Så korleis kan det ha seg at over halvparten av programmet på ein klimaomstillingskonferanse vart via til jordbruk? Klimaendringar og trygg matforsyning er to store utfordringar som angår heile verda. Desse to har mange forbindingar med kvarandre, jordbruket er både bidragsytar til klimagassutslepp, og skadelidande under eit endra og uføreseieleg klima. Men føre noko anna, og uavhengig av koblinga til klima, så tykkjer eg det er viktig å hugse på at jordbruket oppfyller ei samfunnskritisk oppgåve, og er noko med er nøydd til å halde fram med. Dessutan kviler ansvaret for historiske og framtidige utslepp på fleire, og helst andre, næringar enn jordbruket.

Uansett kor mykje skuld og ansvar jordbruket ein måtte meine at jordbruket har i klimakrisa, så er det eit faktum at jordbruket vert påverka av klimaendringane. På mange og komplekse og uføreseielege måtar. Det er mye me ikkje veit, men ein bør vente seg at summen av effektane av klimaendring vil vere negative for matproduksjonen – i Noreg og i verda.

Mogelege positive effektar av auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren inkluderer karbongjødsling. Ettersom CO2 er ein reaktant i fotosyntesen kan auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren (opp til eit visst nivå), gje auka plantevekst. Auka årlege gjennomsnittstemperaturar og forlenga vekstsesong kan også fremje vekst og muliggjere dyrking av nye vekstar som krevjer varmare forhold.

Men effektane av klimaendring vil utan tvil vere mange og komplekse og det er mange aktuelle truslar for jordbruk. Meir CO2, og meir energi i atmosfæren kan gje høgare temperaturar, men og meir ekstremvær, og nye mønster for transport av energien på kloden. Dei isolerte effektane som kan gagne vekst av kulturplantene våre, kan òg betre vekstvilkåra for ugras og skadegjerar. Kalde temperaturar avgrenser oppformering av skadegjerarar, og kan utgjere stor nytte i det norske plantevernet. Ein treng ikkje vere særleg observant for å ha merka seg eksempel på unormale vêrmønster i seinare år. «Vêret heng seg opp» som fleire uttrykkjer det – det blir vanlegare med lange periodar med tørke og lange periodar med nedbør. Ein kvar bonde veit at slike uregelmessigheiter er utfordrande i kombinasjon med dyrking! Ein kan nemne oktoberflaumen i Lærdal 2014 og tørke-sommaren 2018.

Men jordbruket må halde fram trass i utfordringane over. Tilpassing og omstilling vil krevjast også av landbruket. Mange av talarane og deltakarane på konferanse delte ei bekymring over utviklinga i norsk landbruk, og var fortvila over mangelen på støtte for det norske jordbruket blant politikarar og den breie befolkninga. Tida vil vise korleis årets krav frå jordbruksorganisasjonane blir teke i mot. Det ligger likevel ei optimisme i at det blant konferansedeltakarane var brei einigheit om viktigheita av å ivareta norsk matproduksjon og produksjonsgrunnlag. Dette er heilt essensielt for å sikre norsk matberedskap. Noreg er blant dei landa i Europa som produserer minst av maten me et sjølv. Toler me at sjølforsyningsgraden synker endå lågare? Det blinkar raude varsellampar både for klima og for jordbruket no, og det er ikkje berre truger bøndene som er truga, men alle norske borgarar og sjølve landet vårt.

Sjh
Mathias Lehrman er SJH sin ressursperson på kompost. Kompost seilte fram som ei løysing på fleire problem kva angår jordhelse, sirkulærøkonomi og ressursbruk.