Styret i NLR Vest heldt styremøte i Giske, utanfor Ålesund, 18.-19. mai. På programmet stod synfaring og gardsbesøk i nærområdet. Styret i "nabo-regionen", Landbruk Nordvest, var også invitert, til felles styremøte og samtalar.

IMG 6396
Mjølkeprodusent Odd Christian Stenerud på Godøya (oransje jakke), orienterte om historia på bruket, og om drifta no. Han delte også tankar utviklinga for landbruket dei næraste åra. Odd Christian er vert for eit forsøksfelt, der ein prøver ut "Urea Gjenbruk", som gjødsel i eng. Dette er eit nitrogenrikt restprodukt frå produksjonen av fiskeolje til mat. Kan denne "ressursen" medverke til lågare gjødsel-kostnader i åra som kjem?
IMG 6399
Rolf Otto Blindheim, Vigra, (nr 2 frå venstre) er leiar i Giske Bondelag, og mjølkeprodusent. Han orienterte om drifta i "Blindheim samdrift", og om landbruket i kommunen. Til høgre for han står styreleiar i NLR Vest, Sigurd Reksnes, nytilsett dagleg leiar Fredrik Fjose, og direktør Bjarne Holm, i NLR. Dei andre på biletet er styremedlemar i NLR Vest og Landbruk Nordvest.