Fruktdyrkarar og birøktarar, forskarar og landbruksrådgjevarar kom saman for å skifte ord om pollineringsbirøkt og moglegheitene i birøktar- og fruktnæringa. Det var vått, vår og bløming i Sørfjorden, gode foredrag, samtalar og mat på NIBIO sitt kontor på Lofthus og besøk i morellhage.

Emanuel Hempel ved Norce fortalde om prosjektet ClimateFutures som går ut på å utvikle betre vêrvarsel, til nytte både for fruktdyrkarar og birøktarar. Han viste tal som bekreftar at vêret på Vestlandet har blitt våtare og varmare; i 2021 var nedbørsmengda 15% høgare enn klimanormalen 1961-1990 og 1.5 gradar varmare! Framover kan me venta oss lenger sommar, kortare vinter, tidlegare vår, og dermed auka fare for frost i bløminga, meir nedbør, større grad av variabilitet og meir ekstremvêr. Statistikken viser tydeleg at klimaet er i endring. Ein av «nodane» i ClimateFutures har som mål å hjelpe matprodusentar med å optimalisere produksjonen i møte med eit nytt klima. Innen landbruk samarbeider dei med mange aktørar frå produsentnivå til statleg forvaltning landsdekkande organisasjonar deriblant Norsk Landbruksrådgiving, Norges Bondelag, Graminor og Gartnerhallen.

Les meir om ClimateFutures, og følg med på nyhende og publisering av nye klimaframskrivingar.


IMG 1208
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai ved starten av månaden.
IMG 1210
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai ved starten av månaden.
IMG 1211
Temperatur- og nedbørsavvik forespeila for mai ved starten av månaden.

Bjørn Arild Hatteland frå NIBIO presenterte funn frå forsking på effekten av insektpollinering i frukthagar. I morell fann dei ei gjennomsnittleg fruktsetjing på 10% i forsøk utan insekt, og 20-30 % setjing når bier eller humler var plassert ut. Bier og humler gjorde ein like god jobb i «vanlege» år, medan i år med kaldt og surt vêr, var humlene betydeleg meir arbeidsame enn biene. Det ble reist diskusjonar omkring problem for bier å orientere seg under morellplast, då denne blokkerer og/eller spreier UV-ljos.

Foreløpig har me lite data på populasjonsutvikling for ville pollinerande insekt i Noreg. Andre land har registrert ein urovekkande nedgang i insektmangfaldet og dette kan vere kopla til intensivt jordbruk med store einsformige planteareal og høgt forbruk av insekticid. I Noreg kan insekta vere tent med at landbruket vårt er lite og spreidd samanlikna med enorme monokulturar og plantasjar ein kan finne utanlands. Eit nytt forskingsprosjekt for perioden 2022-2026 skal undersøkje effekten av domestiserte bier på ville insekt.

I ei studie blei honningbier og humler fotfylgd i eple og pære-hagar i Sogn! Disse observasjonane, på denne lokaliteten, avkrefta påstanden om at honningbier foretrekk eple framfor pære - pollinatorane brukte like mykje tid i begge fruktslaga. Funna demonstrerte dessutan ein høg grad av lojalitet – humler og særleg honningbier held seg som regel til ein art av gangen. Kva art som vert vald først avhenger nok av fleire faktorar, særleg biene sine næringsbehov og preferansar men det er også avgjerande kva blomar som møter dei i det same dei kjem ut av kuba.

Marco Neven, velrenommert birøktar i Lærdal, minna fruktdyrkarar om viktigheita av å ha riktige støvsortar, gjerne fleire, og at dei må vere i sin effektive pollineringsperiode samtidig som hovudsorten. Han stemde i NIBIO-forskinga med eigen erfaring; biene er artsfaste og stadfaste, altså dei er lojale og fortset å besøke same art og same stad i påfølgjande flygingar. Første året dei blir introdusert i ein hage med plasttunnel oppfører dei seg som om dei er heilt svimle og desorienterte, men 2. g 3. året viser dei teikn til læring og blir stadig meir effektive på å finne fram. Plassering av kuba og inngang til tunell og til dei forskjellige rastene er verd å tenke nøye gjennom! Gjer det triveleg for biene der dei bur og gjer det lett for dei å finne både blom og heim.

IMG 1228
Endre Bjotveit fortel om gevinstane av å ha bier i frukthagar. Heilt til venstre står kollega Sigrid Flatland.

Endre Bjotveit frå NLR Vest bidrog også med erfaringar frå fruktnæringa i høve pollinering og fruktkvalitet. Det er liten tvil om at fleire pollinerande insekt i frukthagar har positiv effekt på avlingsmengd. I Pollivest-prosjektet blei avlinga på fruktgardar med bier samanlikna med avling på gardar utan bier i åra 2014 og 2015. For eple, pære og morell var avlingsmengda 23-58% høgare på gardane med bier. Skilnaden kan skyldast andre faktorar, men frå dei erfaringane og studiane me har til no kan ein trekke slutninga at bier kan auke både kvalitet og kvantitet på avlinga:

Forutan større avlingsmengd kan god pollinering også gi finare form og storleik til frukt og bær, og til g med betre smak! I forsøk med Honeycrisp (ein av opphavsortane til dei nye eplesortane Fryd og Eden) blei det vist at dårleg pollinerte eple hadde mindre syre (og mindre smak) enn godt pollinerte eple som utvikla fleire frø.

Mange spørsmål blei rest og refleksjonane var mange og kloke, men alt i alt var det bred semje blant fruktdyrkarar, birøktarar og forskarar om at bier representerer eit stort potensiale for fruktdyrkarar som ennå er langt frå fullt utnytta.

IMG 1233
Medvirkande og bidragsytande til ein flott dag om bier og blomar!