Frå 1. mai i år vert Fredrik Fjose ny dagleg leiar i Norsk Landbruksrådgiving Vest SA (NLR Vest). Han kjem frå stillinga som økonomisjef i Voss Sparebank og har dei siste 15 åra arbeidd i bank. Fredrik har god erfaring og kompetanse innan økonomi, bedriftsrådgjeving, sal og leiing, og han har stort engasjementet for jordbruksnæringa. Interessa og forankringa i jordbruket har kome gjennom oppveksten på eit småbruk i Rakkestad og utdanninga i økonomi og ressursforvaltning frå NMBU. Han er no busett på gard på Voss med kone og to barn.

Styreleiar Sigurd Reksnes er svært glad og fornøgd med at NLR Vest no får ein kapasitet som Fredrik med på laget. NLR Vest har gjennomført ein god og grundig prosess for å finne ein ny dagleg leiar etter Liv Lyngstad. Ho har leia NLR Vest sidan oppstarten i 2016. Det var mange kvalifiserte søkjarar til stillinga. Tidleg i prosessen utmerka Fredrik seg som ein av dei klart beste kandidatane, med nøkkelkvalifikasjonane god gjennomføringsevne, stor arbeidskapasitet og ein god relasjonsbyggar.

Den nye daglege leiaren tek over leiinga av ein rådgjevingsorganisasjon eigd av 4000 bønder i Vestland fylke og på Sunnmøre. Dei 40 tilsette leverer heilskapleg rådgjeving til landbruksnæringa på Vestlandet og har spisskompetanse på jord- og plantekultur, grasdyrking, frukt- og bærdyrking, landbruksbygningar, maskinteknikk, økonomi og HMS i landbruket.

«Eg gler meg til å bli kjent med organisasjonen og dei tilsette. Det er ein solid kompetansebedrift eg no vert leiar for og eg er audmjuk til oppgåva» seier Fjose. Fredrik er 41 år og får kontorstad på Voss. Fritida brukar han til å vere aktiv i ulike organisasjonar, og han har stor glede av å trene og å delta i terrengløp.

«Det er vemodig å skulle slutte i Voss Sparebank, samtidig ser eg fram til å starte arbeidet med å leie og vidareutvikle Norsk Landbruksrådgiving Vest SA. Eg har stor tru på arbeidet som vert gjort for bøndene i regionen, og eg vil jobbe for at NLR Vest SA vert den føretrekte leverandøren av rådgjevingstenester også i framtida» avsluttar Fjose.

Fredrik Fjose