9.1 - 13.2: Nybegynnarkurs for fruktdyrkarar

Rett over nyttår sparkar NLR Vest i gang ein ny runde med nybegynnerkurs i fruktdyrking. Det vert økter på ca. 2,5 time, med oppstart kl. 19.00. Merk deg at det på dag 5 vert lagt opp til 4 timar med oppstart kl. 17.00, men då inndelt på kultur. Kurset vert halde via Teams, og dei ulike kveldane er delt inn i ulike tema. Les meir, og meld deg på, i lenka under.

Nybegynnarkurs for fruktdyrkarar


11.1: Bærdyrking - noe for meg?

Eit webinar som passar for dei som vurderer å starte med bærproduksjon. Bærrådgjevarar frå NLR Vest går gjennom aktuelle bærsortar og korleis året som bærdyrkar ser ut. Du vil få informasjon om kva som trengs av utstyr for å drive med både stor og liten bærproduksjon, behov for kjøl/frys og arbeidshjelp.

Dei to største bærsortane på Vestlandet er bringebær og jordbær, men i webinaret vert det òg presentert mindre bærkulturar som Ribes, tindved, Aronia, o.a. Kva krav dei har til vekseplass og korleis vekstsesongen ser ut. Marknadsmoglegheiter med aktuelle salgskanalar vert òg presentert.

Bærdyrking webinar


18.1 - 1.2: Kurs i jordbærdyrking

Eit kurs som passar både for nye og etablerte jordbærdyrkarar. Me vil gå gjennom alt frå vekst og bløming, til dei viktigaste skadegjerarane, sprøyteteknikk og haustearbeid. Kurset er tilpassa dyrking i jord, ikkje substrat. Det er lagt opp til tre kurskveldar på Teams, i tre påfylgjande veker. Kurset vert heldt av bærrådgjevarane i NLR Vest, men på siste kursdag får me òg med oss Jørn Haslestad frå NLR Innlandet. Detaljar for innhaldet i kurset finn du under.

Til våren vert det arrangert markdagar i samband med dette kurset, for å sjå på ting i praksis. Markdagane er gratis for deltakarane på nettkurset.

Kurs i jordbærdyrking


Kurs i bringebærdyrking

Meir info kjem