Trude Iren Saure

Eg er sauebonde i fagre Stryn, og har ingen problem med å få dagane til å gå med full jobb, 75 vinterfôra sau og familieliv.

I haust starta NLR Vest med podkasten Vestlandsbonden. Ein podkast fylt med faglege tema, gode råd, samtalar og reportasjar om aktuelle landbrukstema. Vi ynskjer å nå ut til landbruksinteresserte vestlendingar på ein ny måte. Bønder har ein travel kvardag, og vi ville nå ut med fagkunnskap utan å stele tid. No kan ein derfor få gode råd rett i øyret medan ein køyrer traktor, tek fjøsstellet, set opp gjerde eller tek lunsjpause.

Podkasten er førebels ein del av eit større klimaprosjekt delfinansiert av Statsforvaltaren i Vestland og i Møre og Romsdal. Dette er ein podkast om klima, men det er langt i frå berre dette ein kan få kunnskap om. Hos oss kan du lytte til tema som blant anna bygningsplanlegging, jordhelse, HMS, biogass og forsøksarbeid i NLR Vest, for å nemne nokre. Vi nyttar oss av våre eigne rådgjevarar, men i tillegg har vi med eksterne krefter, til dømes frå Innovasjon Norge og koordinator innanfor biogass. Sidan bonden er vår viktigaste lyttar, bidreg også bønder med sine erfaringar. Dersom det er tema eller gode råd og erfaringar du vil dele, ikkje nøl med å ta kontakt slik at vi kan ha det med i podkasten.

Podkasten kan lyttast til via spotify, appen «podkaster» eller heimesida vår PODKAST | NLR Vest. Nye episodar kjem kvar 3. veke. Abonner på kanalen vår eller følg med på Facebook eller Instagram når ny episode blir publisert.

Vi håpar du vil lytte til oss.

Trude 10 06 21
På med headsettet og lytt til oss du også!