Har du levert inn søknaden om produksjonstilskot del 2 og evt. søknaden om regionale miljøtilskota?

Hugs søknadsfrist 15. oktober!

Søknad om produksjonstilskot del 2: Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket - Landbruksdirektoratet

NB! Mange søkjarar vil i år oppleve at det er gjort endringar i arealet på eigedomen sidan i fjor. Dette gjeld f. eks. beiteareal som har blitt sett som skog på grunn av igjengroing, eller at fulldyrka jord har blitt sett til overflatedyrka jord. Hugs å rette opp i søknaden før innsendinga!


Søknad om RMP: Regionalt miljøprogram | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

NB! Når det gjeld skjøtsel av bratt areal var det tidlegare krav om minst 20 % bratt areal for å kunne søkje. Dette kravet eksisterer ikkje lenger, og du får no tilskot frå fyrste dekar. Det er framleis krav om at arealet skal bli hausta til fôr eller at arealet blir nytta til hagebruksvekstar.