Ester Helland

I november 2011 på Hawaii, klokka to på natta lokal tid, fekk eg plutseleg ein telefon frå dagleg leiar Liv Lyngstad i NLR Hordaland med innkalling til intervju. Slik starta mi historie i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Alternative salskanalar

Sel du produkta dine direkte til forbrukar? Eller har du produkt som er mogleg å selje direkte til forbrukar, men du veit ikkje heilt korleis du skal gå fram for å selje direkte? I mange tilfelle skal det ikkje så mykje til. Først må du vere godkjent for sal av lokalmat. Når det gjeld kjøt, kan du få nisjeavtale hos Nortura eller anna slakteri, der du kan få tilbake kjøtet ferdig pakka og klart til levering til kunde. Dersom du ikkje har kjøle- eller frysemoglegheiter, må du ta opp bestilling frå kundane før du sender dyra til slakteriet, slik at du får levert det til kunden med ein gong du får det frå slakteriet. På denne måten kan du vere godkjend for sal direkte til forbrukar, utan å måtte ha produksjonslokale sjølv. Det er alltid ein fordel å ha kjøle-/frysemoglegheiter, men planlegg ein godt, kan ein klare seg utan. Merk at det og er reglar for transport av mat.

Dersom ein er godkjend for direktesal, opnar det seg mange moglegheiter for sal. Her kan vi dele i 2 kategoriar:

Fysiske salskanalar. Nokre døme på dette kan vere:

  • Direkte frå garden
  • Salsbod ved vegen
  • Bondens marked
  • Julemarknader og andre arrangement
  • Butikk med "lokalmat-hjørne"
Nettbaserte salskanalar. Nokre døme på det er:
  • Nettside for garden
  • Facebook-side for garden (og/eller andre sosiale medium)
  • REKO-ringen
  • Lokalmatringen

Det mange av desse har til felles, er at dei kostar ein del å delta på, alt frå eingongsavgift til årsavgift og omsetningsavgift. REKO-ringen er gratis å bruke, då dette er ei facebook-gruppe som vert administrert på dugnad.

Kva er Lokalmatringen?

Lokalmatringen er ein smart og moderne marknadsplass for direktehandel av mat og drikke. For kunden er det ein app som dei lastar ned på til dømes telefon eller nettbrett, med betalingssystem, kvittering og hentelapp. Her vert alle kjøp registrert, slik at om kundane har sine "favoritt"-varer eller -produsentar, kan dei lett finne dei igjen.

Lokalmatringen har ei ordning der dei arrangerer felles utlevering av varer, ganske likt REKO-ringen. Elles kan utlevering skje ved personleg avtale mellom produsent og kunde.

Kundebasen i Lokalmatringen er allereie stor, med fleire tusen registrerte kundar, mest i bergensområdet.

Korleis sel eg gjennom Lokalmatringen?

For produsenten er det eit websystem som er enkelt å bruke. For å bli registrert i Lokalmatringen, fyller du ut registreringsskjema. Så vert du kontakta av ein representant for Lokalmatringen, som hjelper deg igang med å lage ein bedriftsprofil og legge til salsannonsar. Her får du også råd og tips om korleis du best kan selje. Planen er også å lage gardsreportasjar om mange av produsentane i Lokalmatringen, så kanskje du kan tenke deg å vere ein av dei? Å komme seg "på nett" i Lokalmatringen, er inkludert i årsavgifta, og kostar ikkje noko ekstra.

Når du har fått lagt inn produkta dine på Lokalmatringen sine nettsider, vert produkta dine presentert for kundane, akkurat som på ein "vanleg" butikk. Det du sjølv må gjere då, er å delta på utleveringar og aktivt dele innhald om eigne produkt på sosiale medium, direkte frå Lokalmatringen.

Som medlem i NLR Vest kan du no få medlemskap i Lokalmatringen utan å betale årsavgift. Normalt kostar medlemskapen 1250 kr per år. Det som alle må betale, er 5 % av den inntekta du får av salet gjennom Lokalmatringen.

Er dette noko for deg? Fyll ut registreringsskjema og legg til NLRV2021 i feltet for rabattkode, eller ta kontakt med Preben Rasmussen i Lokalmatringen på 45458565 eller preben@lokalmatringen.no.

Har du andre spørsmål, må du gjerne ta kontakt med meg!