Trygve Torsteinsen

Eg er fødd og oppvaksen på eit lite, veglaust småbruk på Kvaløya to mil nord for Tromsø, der eg lærte å handmjølke geiter alt i 4-års alderen.

Asbjørn Toft, plankonsulent i Austrheim kommune, og Laila Bjørge, fungerende jordbrukssjef i Alver kommune, har vore primus motor for å få laga ein rettleiar for offentleg forvaltning, eit verktøy som kommunane kan nytte for å behandle saker som omhandlar overskotsmassar frå ulike utbyggingsprosjekt. Norsk landbruksrådgiving Vest, v/ Trygve Torsteinsen og Olav Martin Synnes har, saman med Are Johansen frå NLR Nord Norge og Samson Øpstad frå NIBIO, laga ein tilsvarande rettleiar som tek føre seg dei faglege sidene ved bruken av overskotsmassar til jordbruksføremål og ved flytting av matjord.

Målet vårt har vore å endre synet på overskotsmassar, frå å vere eit problem til å verte ein ressurs. Tidlegare blei jord- og steinmassar grave opp, lasta på ein bil og dumpa (med eller utan løyve), i ei hole uti skogen, langs vegskråningar – eller til og med i sjøen. Vi ynskjer heller å nytte desse overskotsmassane til å lage førsteklasses, lettbrukt, fulldyrka jordbruksareal.

All utbygging skapar overskotsmassar som må flyttast, og då er det betre å bruke dei til å opparbeide nytt jordbruksareal, enn berre å dumpe massane ein tilfeldig stad. For å få det til, må bruken av overskotsmassar takast med i kommuneplanarbeidet – ein må kort og godt ikkje setje av areal til utbygging, utan samstundes å setje av areal til bruken av overskotsmassane. Utbyggar og entreprenør må få hjelp til å planleggje for korleis dei skal behandle jordmassane, og alt bør helst gjerast i forkant av ei utbygging. I nokre kommunar har dei kome godt i gang med å systematisere dette. Kommunane har på førehand sett av eigna område i arealplanen til massedeponering, og utbyggar må ha ein plan for bruken av overskotsmassane før dei får løyve til å setje i gang med utbygginga.

Når ein skal nytte overskotsmassar til jordbruksføremål, er gjerne dei største problema ikkje av praktisk, men heller av byråkratisk art. Det er svært ulikt kva kommunane krev av planlegging, undersøkingar, utgreiingar, papirarbeid og gebyr før dei vil gje løyve. Nokre kommunar krev full reguleringsplan for bitte små prosjekt, mens andre har langt mildare krav. Vi har heile tida meint at det er dei mange små jordtippane som er den beste løysinga for god og samfunnsnyttig bruk av overskotsmassar. Kortast mogleg avstand er ikkje berre økonomisk gunstig for utbyggjar, det er og langt meir miljøvenleg med tanke på transport. Ein nyttar og jordmassane betre ved å bruke akkurat store nok mengder til å få eit godt jordbruksareal, og heller lage størst mogleg jordbruksareal istaden for å presse inn maksimalt volum på kvar stad. Noko som også vert presisert i Miljødirektoratet sitt faktaark M 1243 «Mellomlagring og sluttdisponering av jord og steinmasser som ikke er forurenset» Då vert det eit paradoks om reguleringskåte kommunale byråkrater krev ei sakshandsaming som i praksis tvingar fram nokre få store jorddeponi (eller mange ulovlege dumpingplassar) istaden for dei gode jordbruksareala vi har fått så mange av i Nordhordland.

Dei beste prosjekta, der ein nyttar overskotsmassar til å lage størst mogleg godt jordbruksareal, vil gjerne ikkje vere økonomisk i stand til å betale kostnadane med ein reguleringsplan. Ein kan heller ikkje krevje eit gebyr for byggesakshandsaming som er høgare enn verdien på det fulldyrka arealet som skal «byggast». For å få til dei gode, lokale prosjekta, må vi ha ei enklare sakshandsaming – gjerne slik rettleiaren for offentleg forvaltning tilrår, og ikkje minst ein forsvarleg pris på denne.

No må «enklare» ikkje tolkast synonymt med «uforsvarleg». All flytting av jordmassar fører med seg risiko, og den einaste måten å unngå slik risiko på, er å stoppe all utbygging. Elles må risiko handterast, og helst ikkje berre flyttast over til ein nabokommune. Ein god plan for anlegg og drift av ein jordtipp til jordbruksførmål vil vere heilt lik, uansett korleis saka skal handsamast hjå kommunen.

Jordmasseprosjekt fra toppe i bergen tt nlrv
Jordmasseprosjekt på Toppe i Bergen 2018 - 2019