Eg voks opp på ein liten og bratt vestlandsgard der me hadde mjølkeproduksjon, sau, gris og hest. Oppveksten har nok prega meg sterkt både med tanke på fritidsinteresser og utdanningsvalet eg tok. Våren 2001 var eg ferdig utdanna høgskulekandidat i husdyrbruk ved Høgskulen i Nord Trøndelag. Etter det jobba eg knappe to år som ringleiar i 50 % stilling i Indre Sogn Forsøksring og 50 % som produksjonsrådgivar i Tine. Då Tine tilbaud tilbaud meg jobb i 100 % stilling, greip eg sjansen. Sidan har eg vore rådgivar i Tine. Eg er gift og har tre born på 11, 13 og 15 år. Hausten 2004 fekk me kjøpa oss ein liten gard på Litlabø i Sogndalsdalen. Med på kjøpet fylgde ein sprek og arbeidssam kårkall. Godt kjøp med andre ord. No har me fått leiga ein del jord, og utvikla drifta til om lag 120 vinterfôra sauer. Våren 2014 stod ny fjøs klar til lamminga, noko som utgjorde himmelvid skilnad i positiv retning for gardsdrifta vår. Me trivst godt som sauebønder! Ein viktig reiskap i gardsdrifta er gjetarhunden vår. Elles har me tre kattar og to hestar - dei bidreg ikkje til så mykje anna enn god livskvalitet – men det skal ein ikkje kimse av no i desse koronatider. Eg ser fram til å komma godt i gang med mi 80 % stilling som grovfôrrådgivar med kontorstad på Njøs på Leikanger.