I tillegg til arbeidsoppgåver innan økonomi og kundebehandling, har administrasjonsmedarbeidaren ein viktig støttefunksjon for dei andre tilsette.

Stillinga er plassert ved hovudkontoret på Sandane i Gloppen kommune. Plassering ved eit av NLR Vest sine andre 9 kontor i Vestlandsregionen kan bli vurdert.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av kundar, skriftleg og munnleg
  • Fakturering og oppfølging av kundereskontro
  • Ajourhald av kunde- og leverandørregister
  • Kontroll og kontering av inngåande bilag
  • Intern ressurs innan fakturering for andre tilsette
  • Rapporteringsoppgåver knytt til prosjekt
  • Fellesoppgåver i samband med kurs, fagmøte, interne arrangement etc
  • Kontoransvarleg for post, arkiv, innkjøp etc
  • Andre oppgåver etter avtale

Vi ynskjer ein medarbeidar med desse kvalifikasjonane:

  • Utdanning innan kontor- og administrasjonsfag
  • Kompetanse og erfaring innan administrativt arbeid
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kjennskap til Visma Global som økonomisystem og SuperOffice som CRM-system er ein fordel

Vi legg vekt på at søkjar har desse personleg eigenskapane:

  • Strukturert, nøyaktig og effektiv
  • Serviceinnstilt og initiativrik
  • Har evne til sjølvstendig arbeid, og gode samarbeidsevner
  • Interesse for å utvikle organisasjonen til beste for medlemane og dei tilsette

Vi tilbyr:

  • Variert arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Opplæring i våre datasystem
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 30.november 2021. Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

For meir informasjon om stillinga kontakt:

Vil du jobbe hjå oss?

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi er 38 tilsette på 10 kontor. Arbeidsoppgåvene omfattar rådgjeving og fagleg utvikling innan jord- og plantekultur, økonomi og næringsutvikling, maskinteknikk, presisjon, planlegginga av landbruksbygg, helse, miljø og tryggleik. NLR Vest skal vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

Endre feltregistrering eple
1