Hovudoppgåva for stillinga er individuell rådgjeving i jord- og plantekultur til medlemane i NLR Vest. Rådgjevaren i Nordhordland vil fortrinnsvis arbeide med gras- og grovfôrdyrking. NLR Vest vil styrke nye fagområde, og ynskjer søkjarar med interesse for og kompetanse innan klimarådgjeving og sirkulærøkonomi.

Rådgjevaren vert tilslutta Faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår eit godt økonomisk resultat i gardsdrifta.

Søkjarar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og informasjon til medlemane våre
  • Utvikle rådgjevingstilboda i regionen saman med andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Vere oppdatert på siste nytt innan aktuelle fagområde

Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer medarbeidarar med:

  • God kunnskap og kompetanse innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrdyrking.
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi/plantevitskap, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.


Søknadsfrist: 15. august 2021

Meir informasjon om stillingane:

Dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no, mob. 98245830
Fagleiar jordbruk Dag-Arne Eide, dag-arne.eide@nlr.no, mob. 95812790

Søknadane skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no