Ester Helland

I november 2011 på Hawaii, klokka to på natta lokal tid, fekk eg plutseleg ein telefon frå dagleg leiar Liv Lyngstad i NLR Hordaland med innkalling til intervju. Slik starta mi historie i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

«Inn På Tunet» er eit verna varemerke og kan kun brukast av godkjende gardar.

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk, retta mot menneske med ulike behov. IPT-aktivitetane skal vere knytte til livet og arbeidet på garden.

Vil du bli ein godkjend Inn på tunet-tilbydar?

Hms landbruk 50

Forsikringsselskapa krev at bønder har brannsikringskurs.

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Dersom du utfører slikt arbeid, skal du ha innsikt i brannrisiko, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann. Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for brannvakt.

Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid

Slokkjeoving aug 21

Helsa di er det viktigaste du har!

Har du avvik i KSL? Er du usikker på om garden din er trygg nok? Kurset "Praktisk HMS-arbeid" dekkar krav til å lukke avvik i KSL, og hjelper deg med å få ein tryggare gard for deg og familien din.

Kurs i Praktisk HMS arbeid

Hms landbruk 21

KSL-krav til beredskap på garden.

Kvalifikasjonar innan førstehjelp er ein føresetnad i KSL-vegleiaren. Kunnskap om førstehjelp kan vere avgjerande, dersom ulykka er ute. Sørg for at alle på garden har nødvendig førstehjelpskunnskap. No kan du få kurs i førstehjelp tilpassa landbruket, som stettar krav til beredskap på garden. Melder du interesse alt no, kan du påverke kursstad.

Få melding når stad og dato er bestemt

Forstehjelp er ferskvare

Ønskjer du deg betre økonomi i drifta?

SNOP-kurset vert nettbasert også i år. Du kan velje berre marknadsføringsdelen, økonomidelen eller heile kurset. Eg vurderer også å lage eigne kurs i sal, og i merkevarebygging. Her treng eg di hjelp, slik at eg kan lage kurs som gir deg best mogleg nytte.

Fortel meg kva DU ønskjer av økonomikurs.

IMG 5007

Har du planar om bruksutbygging?

Vi planlegg å ha eit kurs for "bonden som byggherre"! Her går vi gjennom prosessen frå planlegging til eit gjennomført prosjekt. Meir informasjon om kurset kjem seinare.

Få melding når stad og dato er bestemt

Bilde bygg

Smågnagarproblem?

No kan du få autorisasjonskurs i tiltak mot smågnagarar. Autorisasjonen skal berre nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette. Det vil bli utlyst fleire kurs i perioden oktober-november. Melder du interesse alt no, kan du påverke kursstad.

Få melding når stad og dato er bestemt

Mus asmund

Autorisasjonskurs plantevern

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel kjem i perioden januar-mars. Det vil bli utlyst fleire kurs når det nærmar seg, men melder du interesse alt no, kan du påverke kursstad.

Få melding når stad og dato er bestemt

Plantevernmidler