Helena Elvatun

Dei 20 sauene, gjetarhunden og eg, trivst godt på det vesle småbruket mitt i Folkedal i Hardanger.

I Landbrukets klimaplan er det beskrive korleis me skal nå målet vårt: redusere klimautsleppa og auka opptaket med karbon tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Dette gjer vi utan å ta dei enkle løysingane: Me skal ikkje redusere dyretalet eller redusere tal dekar i bruk i matproduksjonen. Dette skal gjerast med auka kunnskap og betre drift. Allereie no er det sett i gang fleire forsøk i regi av NMBU og NIBIO, for blant anna å finne norske tal som ein kan ta med i utrekningane. Mange av tala ein har brukt er estimat eller tal henta frå utanlandske forsøk, men desse kan ikkje alltid vidareførast til norske tilhøve. Dette kan til dømes vera utslepp frå myr. Det er skilnad på andel klimagassar slept ut frå ei næringsfattig myr og ei næringsrik myr.

Eit anna tema som eg tykkjer er veldig viktig er beiting. Beitedyra er ein del av eit økosystem, der beitinga fører til auka karbonlagring. Dette er eit tema som blir mykje diskutert i media for tida, og som blir spennande å fylgja med på. Eg trur slik forsking som dette kan vere med på å gje forbrukaren ei betre og meir heilhetleg forståing av klimautfordringane i landbruket.

Ein annan postiv bieffekt er at me i NLR og Tine skal jobba endå tettare saman, slik at du som bonde får eit betre tilbod. Her vil Tine sjå på forbetringar som kan gjerast via avl og fôring, medan NLR kan kome med ein god plan for fôrdyrkinga framover, for å nå ynskja mål på garden din. Her vil ein også kunne diskutere kva som er klimastyrkane og klimasvakheitene på garden.

Målet med samarbeidet er: "Dagros skal ete mer norskprodusert fôr og mindre importerte råvarer, som for eksempel soya. Å øke verdiene av grovfôret, i form av større avlinger med bedre kvalitet, er bra både for klimaet og lommeboka til melkeprodusentene".

Det vert mogleg for bønder å søke tilskot for klimarådgjeving gjennom RMP ordninga til fylkesmannen. Frist for søknad er 15. okt.

Bli med du også!

Bli med i klimakampanjen