Nitrogenprisane er nesten 35 % høgare samanlikna med august i 2020, men som figuren under viser så var også prisane i fjor låge samanlikna med tidlegare år. Dette gjeld både rein nitrogengjødsel og Fullgjødsel.

Vi har hatt kontakt med Ragnar Dæhlie i Felleskjøpet Agri, og han forventar at gjødselprisane følgjer utviklinga som tidlegare ut over hausten og nyåret; dvs. at det løner seg å kjøpe inn gjødsel til neste sesong så tidleg som mogleg.

Med auka prisar på mineralgjødsel er det endå viktigare for økonomien å sørge for god utnytting av husdyrgjødsla. Stripespreiar vil redusere tapet av ammoniakk og såleis sørge for at meir av nitrogenet i husdyrgjødsla kjem plantane til gode. Ved bruk av fanespreiar vil det vere pengar å spare på å spreie møka i lett regn og vindstille vèr.

Gj prisar2021
Figur 1. Pris per kilo nitrogen i dei mest aktuelle gjødselslaga til eng og beite. OPTI-NS har no ein pris på ca. 13 kr per kg nitrogen, medan 25-2-6 ligg mellom 18 og 19 kr per kg og 22-2-12/22-3-10 kostar 22-23 kr per kg nitrogen.