Olav Martin Synnes

Mine første år budde familien på Haramsøya, før vi flytta til Vigra. Far var odelsgut, og overtok småbruket etter sine foreldre. Det hadde vore fire kyr på garden, seinare vart det kjøtproduksjon. Det var arbeidshest på garden. Eg fekk oppleve hesjing!

Nedanfor finn de kort informasjon om dei forsøka som pågår i år, eller som nyleg er avslutta. God jord og plantekultur krev allsidige kunnskapar. Det stor variasjon når det gjeld emne og typar forsøk vi har i NLR Vest

«Nye» artar og sortar av engvekstar. - I 2017 vart forsøket lagt ut på Vigra, hos Blindheim samdrift. NIBIO Fureneset er prosjekteigar. Ein haustar tre gongar i engåra. Artar og sortar som er med: Liljeros og Grindstad timotei, Vestar engsvingel, Leif bladfaks, Kora og Swaj strandsvingel. I tillegg har ein blandingar med timotei og ensvingel, eller timotei og strandsvingel.

Markvandring Blindheim sd 05092019 b
Strandsvingel har gitt høgt avlingsnivå i kystområde i Sør-Noreg. Han har høgt tørrstoffinnhald, er tørkesterk og høver til tre slåttar.

Særleg interessant er strandsvingel-sortane, Kora og Swaj, som har overvintra godt, og gitt høgt avlingsnivå. Strandsvingel har forholdsvis høgt tørrstoffinnhald. Han blir rekna som tørkesterk. Energikonsentrasjonen er litt lågare enn til dømes hos fleirårig raigras.

Eit nytt felt vart lagt ut i Voss i 2019. Andre forsøksfelt tyder også på at strandsvingel er aktuell art langs kysten i Sør-Noreg. I område med lang kald vinter er han for svak. Strandsvingel spirer og veks noko seint etter såing. Han kan gjerne såast saman med små mengder timotei.

Husdyrgjødsel - ulik fordeling i vekstsesongen. - Er det rett å spreie mest mogleg av blautgjødsla tidleg om våren? Eller - blir gjødsla betre utnytta om ho blir spreidd i mindre mengder, to eller tre gongar i sesongen? Og - er det skilnad mellom breispreiing og stripespreiing? Prosjekteigar er NIBIO Fureneset. Feltet varte i to sesongar, 2019-20. Vert var Ertresvåg samdrift. I dette feltet gav spreiing av all gjødsla om våren - 4,5 tonn per dekar -

like stor grasavling som når ho vart fordelt i mindre mengder to eller tre gongar per sesong. Første året var det ein svak tendens til betre verknad ved radspreiing enn ved breispreiing.

Avlingstap i eng beita av hjort i Vatne, 2018-2020. - Vert er Ertresvåg samdrift. Eit areal i Vatnebygda på 45 dekar er sterkt beita av hjort, store delar av året. I snitt var avlingstapet på beita areal målt til omlag ein tredjepart. Skilnaden mellom beita og ubeita ruter var størst i ung eng. Viltnemnda i Haram 2018-20 gav støtte til forsøksarbeidet. Avlingstap på grunn av hjort - og grågås - er ei aukande utfordring mange stader på Vestlandet.

Kor lang tid bør det gå frå første slått til gjødsling? - Forsøket er planlagt av NIBIO. Vi hadde felt på Vartdal og i Voss. Gjødsling vart utført omlag 3-, 9- og 15 dagar etter første slått. I dei to felta var det ingen skilnad i hå-avlinga mellom dei tre tidspunkta for gjødsling. Røynsler frå andre felt i same serie tyder på at det kan bli avlingsnedgang om ein ventar lenger enn to veker.

Verknad av skjøtselstiltak på førekomst av kystblåstjerne i grasmark. - Synnaland, ved Brattvåg har den nordlegaste førekomsten av kystblåstjerne i Noreg. Førekomsten er truga av attgroing. Sidan 2008 har NLR hatt ansvaret for skjøtsel og registrering av førekomsten. Registreringane syner at to gongar slått per sesong, eller beiting med sau eller hest, har ført til auka førekomst. Fylkesmannen i Møre og Romsdal støttar tiltaka økonomisk.

Lauvtre og buskar til le i verharde kyststrok. - Lebelte i verharde område kan gi betre vekst for kulturplantar. Ein kan også oppnå betre trivsel for beitedyr - og for menneske! Mange stader på Vestlandet vart det planta mykje sitkagran, fure og lerk på 1960-talet. Etter kvart, på 1990-talet, vart det interesse for å prøve ut lauvtre og buskar som alternativ. I 1995 vart det lagt ut eit forsøksfelt på Vigra. Prosjekteigar var NIBIO på Fureneset. Feltet har 16 artar og doble rekker. Sidan starten har ein registrert vekst og trivsel hos dei ulike artane. Ideen om å nytte lauvfellande artar i lebelte i jordbrukslandskapet kom frå Danmark. I Noreg var det på Jæren ein var først ute med slike lebelte.

Leplanting med lauvtre og buskar i beite. - Dette feltet vart lagt ut i 1998, på Longva og Rogne i Haram. Vert er Midtremma samdrift. Skjøtsel og stell er gjort på same måte som i feltet på Vigra.

Nye forsøk i 2021

Vraka saueull som gjødsel i åker og eng? - Prosjekteigar er NORSØK på Tingvoll. Vert er Egil Kvalsund, 2021-22. Kvart år blir store mengder saueull kasta, nedgrave eller brent, på grunn av dårleg kvalitet. Saueull er proteinfiber, og er rik på nitrogen, om lag 12%. Er frigivinga rask nok til at ull kan nyttast som gjødsel, i kombinasjon med andre gjødselslag, rike på P og K ? Saueulla som vert nytta i forsøket er finkutta og pelletert. Røynsler så langt, frå første sesong, kan tyde på at nedbrytinga og frigivinga går raskast om ein moldar ullpelletsen ned i åker. Om pelletsen ligg på jordoverflata, i tørt kjøleg vårver, går frigivinga av næringsstoff seint.

Urea BP frå fiskeoljeindustrien som gjødsel. - Prosjekteigar er Pelagia og Odd Chr. Stenerud. Urea er nitrogengjødsel, som blir mykje nytta i jordbruket i mange land. Urea blir også nytta ved produksjon av fiskeoljar. I denne prosessen får ein eit biprodukt, UREA BP. Innhaldet er i

hovudsak urea, pluss små restar av fiskeoljar. Kan dette produktet nyttast som rimeleg gjødsel i eng? Feltforsøk blir gjennomført på Godøya i 2020-2021.

Kan vi auke innhaldet av karbon i dyrkajorda på Vestlandet? - Seks felt er lagt ut i Voss, det første i 2019. Etter planen skal kvart felt skjøttast i minst 3 sesongar. Verknaden av ulike driftsmåtar på innhaldet av karbon, jordliv, jordstruktur og avling skal studerast. Tilførsel av biokol er også aktuelt. Vi er spente på resultata, som kjem dei komande åra. Voss kommune er prosjekteigar. NLR Vest er fagansvarleg.

Som ein ser har vi mange interessante og varierte forsøk i NLR Vest. Målet er utvikling av ny kunnskap, som kan føre til betre agronomisk praksis og auka lønsemd i landbruket. Lukke til med resten av vekstsesongen!