God jordstruktur er viktig for å sikre nok luft, vatn, fysisk spillerom og dermed næring både for organismane i jorda og for planterøtene. Ein god jordstruktur består av aggregat, dvs. mineralpartiklar, organisk material, levande og daude organismar, luft og vatn. Desse aggregata blir haldne saman av det organiske materialet og levande planterøter i tillegg til sopphyfar. Møkk (kast) frå meitemarken er jordaggregat og gangene dei lager er både ventilasjonssystem og drensrøyr. (Reidun Pommeresche, NORSØK, 2019)

Vi er opptekne av meitemarken! Difor vil NLR saman med Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og bøndene gje marken eit skikkeleg markløft i 2021.


Bli med og finn meitemarken!

  1. Spa ut ein 20 x 20 x 20 cm jordkube. Grav ut to jordkubar per jordstykke for å sikre resultatet. Bruk fingrar, kniv eller ein greip for å løyse klumpen og finne meitemark. Legg dei i ein boks, gjerne med litt vatn i. Print ut Markløft-arket og ta det med deg når du skal telje. Her kan du også prøve å finne ut kva artar av meitemark du har.
  2. Skriv ned resultata frå gravinga og send inn her.


Det blir trekt tre vinnarar frå innsendte svar. Dersom du deler gode bilde eller kortfilm med #Markløftet2021, kan du også bli premiert.

Registreringane vil bidra til ein enkel kartlegging av meitemark i området vårt, artsmangfaldet og forhåpentlegvis gje deg eit inntrykk av korleis meitemarken jobbar hjå deg!


NLR Øst har laga ein liten videosnutt om Markløftet 2021 du kan sjå før du går ut og grev.

Les meir om meitemark: Mark | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)


20210531 123311
20210531 122607
20210531 130050