Strengt tatt har nesten alt av jordleigeavtaler kringom i landet sitt utspring i Prosjekt Jordveien i Troms, frå kring årtusenskiftet. For eit par år gjorde vi i NLR ei justering av dette standardverket. Då oppstod denne Excel-fila som er lett modernisert i innhald, men der den største endringa er at den har eit noko ryddigare oppsett. Den kan både fyllast ut digitalt (i Excel) og skrivast ut for å fyllast ut med penn. Pris, varigheit, tilstand og bruk er mellom anna det du kan fylle ut i avtaleskjemaet.

Treng du hjelp til å vurdere tilstanden på jorda du skal leige, eventuelt lage ein tilstandsrapport, er det noko NLR gjerne kan hjelpe deg med. Nye teigar i drifta betyr nye teigar i gjødselplanen. Vi kan bistå både med jordprøver og gjødselplan, og for den del ein strategi for korleis du skal legge opp drifta på den nye jorda vidare framover. I nokre tilfelle er det lurt med aktiv ugraskamp over tid. Der er det mykje å spare på gode og nøytrale råd.

Lurer du på rett jordleigepris, eller om dette kan lønne seg å drive denne jorda, har vi økonomirådgivarar som hjelper deg her. Vi har også folk som kan hjelpe med å legge inn nye teigar i produksjonsstyringsprogramvaren du brukar. NLR har spisskompetanse både på Skifteplan og CropPlan, men beherskar også andre verktøy.

Jordleigeavtale

Vi er her for deg

Treng du hjelp til å vurdere tilstanden på jorda du skal leige, eller lage ein tilstandsrapport?

Stikkord: kontrakt, jordleie, priser, varighet