Vervekampanje

28.09.2020 (Oppdatert: 01.10.2020)

Vil du prøve eit medlemskap i NLR Vest? Meld deg inn no, få gratis medlemskap ut året og gode prisar på jordprøver og gjødslingsplan. Det einaste du forpliktar deg til er å betale årskontingent no, og du vil vere medlem ut 2021.

Rådgjevar Lena Abel på teigvurdering hjå Felde Samdrift på Byrkjelo. Foto: Anders Tufte

Vervekampanjen varer til 30.11.2020, og fram til då får du ekstra godt tilbod på medlemskontingent. Du melder deg inn via linken under. Vervekampanjen skjer også i samarbeid med firmaet Consort AS. Dei kontaktar bønder i region Vest, som ikkje er registret som medlem. I telefonsamtalane informerer dei om rådgjevingstenestene til NLR Vest, vervekampanjen og medlemstilboda.  

NLR Vest har 30 rådgjevarar som er klare til å hjelpe deg med dei ulike utfordringane ein bonde står overfor i kvardagen. Vi tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, gjødslingsplanlegging og jordprøvetaking. Gjennom heile året formidlar vi kunnskap og nyttige råd direkte til medlemane med meldingar på e-post. Vi har eigne nettsider, facebook-grupper og instagramkonto. 

Som medlem får du:

  • Inntil 1 time telefonrådgiving
  • 40 % rabatt på timepris på rådgiving
  • Rådgivingsmeldingar pr e-post, ca 15 stk pr. år
  • Tilgang på fagstoff på nettsida vår
  • Om lag 30 % rabatt på alle kurs- og møteavgifter

Innmeldingsskjema finn du her 

NLR Vest tilbyr rådgjeving innan alle fagområde i landbruket

  • Vi tek på oss oppdrag innanfor driftsplanlegging, økonomiske berekningar, hjelp med søknader og rådgjeving i samband med næringsutvikling på garden.
  • Vi arrangerer maskindemonstrasjonar, fagmøte, ulike kurs og fagturar.
  • Vi har eigne byggtekniske rådgjevarar, slik at vi kan tilby medlemane råd og hjelp ved bygging, ombygging eller påbygging av driftsbygningar.
  • NLR Vest er opptekne av tryggleik og sikkerheit på garden, og tilbyr alle våre medlemar HMS-avtale som inneheld vernerunde med ein av våre HMS-rådgjevarar, og helsesjekk hjå bedriftshelsetenesta.

Her finn du oversikt over alle tenestene våre.

Nye medlemar vert fakturert no, for medlemskap ut 2021, etter 2020-prisar:

  • Grunnkontingent kr 1 200,- per år
  • Arealkontingent grovfôr kr 5,30 per dekar
  • Arealkontingent frukt og bær kr 43,00 per dekar
  • Arealkontingent grønsaker og potet kr 37,50 per dekar
  • Maksimalkontingent kr 2 200,- per kultur og år

 Innmeldingsskjema finn du her 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.