Veksttorget veke 26: Jordbæra er modne

25.06.2020 (Oppdatert: 25.06.2020) Leif Trygve Berge

Kvar veke framover rapporterer NLR-rådgjevarar om ver og vekst i heile landet i Bondebladet og på nlr.no.

Blømande svarthyll.

Dei som ikkje har fått unnagjort slåtten til rett tid i år, kan ikkje skulde på veret. Etter nokre hektiske veker med gode forhold for slått og utkøyring av gjødsel, er det no varsla ei veke med normal vestlandssommar med jamt med regn. Dette vil kunne gje gode avlingar til andre slåtten.

Me er no inne i rotløyseveka, dvs at no løyser frømodne høymoler røtene lettare enn elles i året.

Dei første jordbæra er bråmodna i sommarvarmen og smakar nydeleg! Svarthyllen står i full blom no. Medan rogna blømde uvanleg lite og det ligg difor an til eit kraftig angrep av rognebærmøll i eplehagane. Det vert sprøytt i desse dagar etter tilrådingar frå NIBIO og NLR, og me reknar med å få god effekt.  Epleknytingen har vakse såpass i varmen at handtynninga så vidt er i gang.

Kjøkenhagar og åkrane i andelslandbruk står svært flott rundt om, særleg fordi ugraskontrollen har vore enkel i det nydelege sommarveret som har vore siste tida.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.