Veksttorget veke 37: Utfordringar med fuktig ver

10.09.2020 (Oppdatert: 11.09.2020) Endre Bjotveit

Kvar veke framover rapporterer NLR-rådgjevarar om ver og vekst i heile landet i Bondebladet og på nlr.no.

Pæresorten Celina utviklar seg fint i år.

Sauesankinga er hovudfokus for mange i desse dagar. Ein del er ferdige med hovudsankinga, medan andre akkurat er i gang. I nokre distrikt har nedbøren ført til problem med å kryssa elvane. Mjølkeprodusentar med konsentrert haustkalving har også travle dagar no.

I frukthagane er eple- og pærehaustinga i full gang. Køyringa er utfordrande i regnet, men det er heldigvis lova betre ver komande veke. Avlingane er moderate etter den kjølege våren. Enkeltsortar som Discovery og Gravenstein sviktar, men det ser heldigvis betre ut i andre eplesortar. Pæreavlingane ser generelt greie ut.

I bringebærfelta er plasten for lengst av og utskjering ferdig. Fokus no er på plantevern, med koparsprøyting mot soppsjukdomar, og etter kvart svovel og olje-såpe sprøytingar mot bladmidden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.