Veksttorget veke 31: Sommar, ferietid og slått

29.07.2020 (Oppdatert: 29.07.2020) Mari Aker

Kvar veke framover rapporterer NLR-rådgjevarar om ver og vekst i heile landet i Bondebladet og på nlr.no.

Det har vore ustabilt ver dei siste vekene. Ein del bønder har fått hausta 2. slått dei gongane det har vore 2-3 dagar med sol og opphald, men vi håper på meir stabilt ver. Mange har bra med fôr på lager og bør prioritere kvalitet no på 2. slåtten.

 

Morellsesongen er godt i gang. Det er dessverre ikkje store avlingar, men likevel betre enn frykta i forhold til veret i vår. Innimellom morellhausting driv fruktbøndene med tynning av eple.

 

Bringebærsesongen er nett over toppen. Mykje nedbør har gir fordel for dei som dyrkar i tunnel. Jordbærsesongen har vore litt kortare enn normalt og storleiken på bæra har vore litt mindre enn vanleg.

 

Temperaturen har vore under normalen stort sett heile juli. Frå gardsbruka øvst i Eksingedalen i Vaksdal kommune er det meldt om at potetriset i kjøkkenhagen fraus midt i juli!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.