Veksttorget veke 21: Etterlengta varme

22.05.2020 (Oppdatert: 22.05.2020) Endre Bjotveit

Kvar veke framover rapporterer NLR-rådgjevarar om ver og vekst i heile landet i Bondebladet og på nlr.no.

GODT I GANG: Epleblomen kjem fort med litt varme.

Alle produksjonar merkar den seine våren, så det er godt temperaturen er på veg opp. Det kjølege veret har ført til at grasveksten har stått i ro ei stund. Positivt for busking, men ei utfordring for sauebøndene som skal ha dyra ut på vårbeite. I lågareliggjande strøk kom møka ut i april, medan høgareliggjande område ikkje har kome i gang før no.

Bløminga i moreller og plommer er på hell. Temperaturane har ikkje vore optimale, men biene har vore ute når det har vore litt sol. Dei siste dagane har det vore full aktivitet. Det er likevel for tidleg å seia noko om setjinga. Pærene er over toppen, og epla godt i gang. I bærfelta går veksten seint, og både her og i frukthagane er bladverket ljost etter den lange kjølege perioden. Bladgjødsling er no viktig for å fremja setjinga.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.