Rådgjeving på utbyggingsbruk

22.01.2020 (Oppdatert: 23.01.2020)

-Her kjem eit tilbod!

NLR Vest har fått økonomisk stønad til eit prosjekt der vi kan hjelpe til med styrka grovfôrrådgjeving på utbyggingsbruk i Vestland fylke. Dette gjeld brukarar som har tenkt å bygge, nyleg har bygd ut eller er i ein utbyggingsfase, der det er fokus på produksjon av meir grovfôr. I prosjektet kan vi ha med alle produksjonar der grovfôr er viktig. Såleis gjeld dette gardar med mjølkeproduksjon på kyr eller geit, samt dei som driv med kjøtproduksjon på sau, oksar eller ammekyr.
 
Vår rådgjeving blir lagt opp etter behov og ynskje frå dei som melder seg på. Tema kan vere fornying av eng, val av såfrø, ugraskamp, vurdering av fôrkvalitet, mekanisering, drenering m.m. Rådgjevingstilbodet er gratis, men som eigenandel må deltakarane forplikte seg til å ta minst 2 fôrprøver pr. år, samt ha tid til, og interesse av, å bruke tid saman med rådgjevar. Vi ser føre oss oppfølging av kvar deltakar i to vekstsesongar framover. Dette gjeld altså 2020 og 2021.

Dersom vi får med fleire deltakarar som bur i nærleiken av kvarandre, kan det bli aktuelt å samlast i gruppe for erfaringsutveksling og fagleg påfyll.

Det kan fort bli eit diskusjonstema kva som er eit utbyggingsbruk. Ved stor påmelding kan det bli behov for å prioritere kven som får vere med.
 

-Er dette noko for deg?

Meld deg på her:



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.