NOTAT til medlemar i NLR Vest

19.03.2020 (Oppdatert: 20.03.2020)

NLR Vest har sett i verk tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.

Dei fleste av rådgjevarane i NLR Vest har for tida heimekontor.
  • vi avlyser eller utset alle planlagte kurs og møte
  • vi avlyser alle gardsbesøk, med nokre få unntak
  • vi held fram arbeidet vårt i stor grad frå heimekontor

  

Tiltaka gjeld førebels fram til påske

Fleire kurs blir utsette, men ikkje avlyste. Vi lyser ut igjen når situasjonen har normalisert seg. Alle som har meldt seg på kurs som blir utsette, vil få informasjon om ny dato. Vi vil framover ha fleire digitale møte og andre tilbod. Følg med på nettsidene våre, Facebook, e-postutsendingar og sms med informasjon om dette.

Vi vil avgrense reiseaktivitetane for medarbeidarane, og i størst mogeleg grad gjennomføre individuell rådgjeving via telefon og møte på Teams. Vi reknar med at vi skal gjennomføre alle gjødslingsplanar som planlagt. Det blir også teke ut ein del jordprøver før påske, dersom vertilhøva tillet det. Dette vil bli gjort etter avtale på telefon på førehand og utan møte med bonden eller medlemen. HMS-besøk med vernerunde blir avlyst.

Nokre av arbeidstakarane våre arbeider no redusert tid, fordi dei må vere heime med barn som ikkje kan gå på skule eller vere i barnehage. Dei vil svare på e-postar og telefonar, men kanskje ikkje umiddelbart. Nokre rådgjevarar er i karantene, og arbeider heimanfrå i 2 veker.

Pass på at beredskapsplan og smittevernplan er oppdatert, og tek høgde for den spesielle situasjonen vi no er i. Sjå over beredskapsplakat og telefonlister, oppdater dei og. Lag rutinar for dagleg fjøsstell som andre kan bruke dersom du vert sjuk. Følg råda frå Folkehelseinstituttet, dei kan skifte fort. HMS-rådgjevarane våre kan gje gode råd for utforming av beredskapsplan og smittevernplan.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.