Ledig stilling: Rådgjevar landbruksbygg, 100 % stilling, fast

09.07.2020

Grunna god tilgang på oppdrag, søker vi etter byggingeniør- rådgjevar i landbruksbygg i 100 % stilling. Norsk Landbruksrådgiving Vest skal dekke behovet for byggteknisk rådgjeving i landbruket i Vestland Fylke og i nokre kommunar på Sunnmøre.

Stillinga er plassert ved hovudkontoret på Sandane i Gloppen kommune. Det kan også vurderast plassering ved eit av dei andre 9 kontora i region Vest.

Teamet vårt på landbruksbygg har to medarbeidarar. Dei har desse oppgåvene:

  • Forprosjektering og kalkulering av alle typar landbruksbygg
  • Prosjektering og dimensjonering av betong, stål og trekonstruksjonar
  • Prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre anbodsrundar
  • Kontrahering med entreprenørar på vegne av kundane
  • Tilstandsanalyse av eksisterande bygg
  • Bidra til å utvikle vårt rådgjevingstilbod innan landbruksbygg


Rådgjevaren vil arbeide i eit offensivt landbruksfagleg miljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving. Rådgjevar i landbruksbygg må kunne vurdere eksisterande landbruksbygg og gje råd om ombygging, påbygging eller nybygg av driftsbygningar. Rådgjevarane med spisskompetanse på landbruksbygg, arbeidar tett saman med rådgjevarane innan faga økonomi og HMS. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.

 

Vi ynskjer ein medarbeidar med desse kvalifikasjonane:

  • Høgare utdanning innan byggfag
  • Erfaring med eller interesse for landbruksbygg
  • Erfaring frå prosjektering og kalkulasjon av bygg
  • Erfaring frå prosjektleiing og byggeplassadministrasjon
  • BIM-kunnskap og erfaring frå bruk av program som ArchiCAD og Focus konstruksjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode datakunnskapar, vane med data som arbeidsverktøy
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.


Vi legg vekt på at søkjar har desse personleg eigenskapane:

  • er serviceinnstilt og initiativrik
  • er praktisk orientert
  • har gode samarbeidsevner, men også evne til sjølvstendig arbeid


Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Søknadsfrist: 15. august 2020. Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av 3800 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi er 34 tilsette fordelt på 10 kontor. Våre arbeidsoppgåver omfattar rådgjeving og fagleg utvikling innan jord- og plantekultur, økonomi og næringsutvikling, maskinteknikk, presisjon, planlegginga av landbruksbygg og helse, miljø og tryggleik Vi skal vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.