
Det er aukande interesse for jord og jordhelse med omsyn til klimapåverknad og karbonlagring. Ulike undersøkingar er sett i gang, for mellom anna å finna tiltak som er bra for jorda og jordhelse under norske tilhøve. Innhaldet av organisk materiale og karbon er ein viktig faktor for god jordhelse. I jorda på Vestlandet er dette jamt over høgt på grunn av mykje eng. Kompost er positivt for jordlivet, og kompostering av vrakfôr tilsett lauvtreflis, litt fast møk og gjerne litt friskt gras er både god utnytting av ressursane på garden og viktig for krinslaupet av næringsstoff. Kompost tilfører sopp og organisk materiale til jorda og dette er god mat for mikroorganismane.
Podkasten finn du på acast, spotify, eller du kan laste den ned frå appen «podkaster» på din telefon
Vestlandsbonden er ein podkast for alle landbruksinteresserte vestlendingar, fylt med faglege tema, gode råd, samtalar og reportasjar om aktuelle landbruksemne. Vi har to programleiarar som vil byte på i dei ulike episodane. Dette er Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, som til dagleg er rådgjevarar i NLR Vest, og som mange av dykk allereie kjenner. Gjestar i podkasten blir ei blanding av eigne fagrådgjevarar og andre aktuelle personar innanfor landbruksverda.
Fyrste episode av Vestlandsbonden kom måndag 12. oktober. I forbindelse med lansering av klimakalkulatoren 15. oktober fekk med oss Svein Skøyen, ein av hovudpersonane bak denne. Han fortalte meir om korleis kalkulatoren fungerer, og korleis vestlandsbonden kan nytte seg av den. Vidare utover hausten blir det andre tema knytt direkte opp mot klima, i fyrste omgang 8 episodar. Prosjektet er støtta gjennom prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Etter dette håpar vi å kunne lage fleire episodar om enkelttema og fagseriar innanfor ulike fagbolkar.
Vi håpar at du som lyttar vil sette pris på denne nye måten å få fagkunnskap frå oss på, og vi ynskjer gjerne tilbakemeldingar og forslag til tema som kan vere aktuelle å ta opp.
Her finn du Klimakalkulatoren
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134