NLR Vest styrker laget for byggrådgjeving

16.10.2020 (Oppdatert: 19.10.2020)

For å styrke tenesta for planlegging og trygg gjennomføring av byggefasen på gardsbruk, har NLR Vest tilsett Olve Sunde i fast stilling som rådgjevar landbruksbygg. Han begynte 15. oktober og får kontorplass delvis på Sandane og delvis i Stryn.

Olve på kontoret på Sandane.

Olve har lang erfaring frå byggjebransjen, og har hatt eige firma i meir enn 20 år.  Han har fylgt byggjeprosessane frå A til å, frå teikning, innhenting av  prisar, kalkulering av kostnader, til prosjektering og byggjeleiing, heilt fram til ferdigstilling av bygget.  

Olve bur i ei jordbruksbygd, og har tidlegare hatt ulike oppdrag for landbruksnæringa. Han har mellom anna laga planar for, og gjennomført, rehabilitering og restaurering av gamle bygningar, teikna hytter og stølshus, også for turistutleige. Olve vil framover arbeide med skisser og arbeidsteikningar for driftsbygningar. Han hjelper gjerne til med andre typar prosjekt, kostnadskalkylar, byggesøknader, prosjektering og byggjeleiing.

Med Olve på laget står NLR Vest godt rusta til å hjelpe til med alle typar byggjeprosjekt på garden. Saman med rådgjevarane våre med kompetanse på økonomi og HMS, planlegg byggrådgjevarane for at du skal unngå uheldige konsekvensar i byggefasen eller i seinare drift. Vi tilbyr uavhengige tenester som sikrar eit godt økonomisk fundament for byggjeprosjekta, blant anna knytt til gode tilbodsprosessar. HMS-rådgjevarane arbeider spesielt  for å redusere risiko for ulukker på byggjeplassen, og tilbyr SHA planar og hjelp til god koordinering av byggjearbeidet.   



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.