Prøv NLRpluss Grovfôr 2020!

21.01.2020 (Oppdatert: 23.01.2020)

Inkludert i medlemskontingenten ligg rådgjeving via telefon, rådgjevingsmeldingar, tilbod om våronnmøte og markdagar, samt moglegheit til å få gjødslingsplan og andre tenester til medlemspris. Meir spissa rådgjeving heime på garden er betalingstenester som kjem i tillegg til medlemskontingenten. Ei av desse tenestene er rådgjevingspakken NLRpluss Grovfôr. Denne blei innført i 2019, då nytta ca. 30 medlemar seg av tilbodet. Tilbakemeldingane har vore gode, og fleire har signalisert at dei vil vere med også i år. Som rådgjevarar erfarte vi at det gjekk med meir tid på kvart bruk enn vi hadde rekna med.

For 2020 lagar vi ei meir fleksibel ordning, der medlemane i større grad kan velje kva dei ynskjer å bruke tilbodet til. Rådgjevinga bør ha eit mål. For mange vil målet vere å produsere meir grovfôr og/eller betre grovfôr. På kort sikt er det svært vanskeleg å vurdere om ein har nådd målet når det gjeld avling eller kvalitet på grovfôret. Årlege variasjonar i vêr og temperatur kan ha meir å seie for avlinga enn tiltak ein set inn frå eitt år til eit anna. Likevel har dei aller fleste bønder moglegheit for å auke avlingane og betre kvaliteten på grovfôret, noko som kan syne seg å bli svært viktig framover.

Sjå sidekolonne (pc), eller under bestillingsskjemaet (mobil) for meir info om dei ulike tilboda i pakken.

Du kan tinge og setje saman din eigen rådgjevingspakke NLRpluss Grovfôr her!

Prisen er 3600 kr. For denne summen kan du velje to av punkta under:

Val av eitt eller fleire ekstra punkt vil koste 1500 kr pr. stk.

 

Eitt gardsbesøk om våren, inntil ca. 2,5 t

Markvandring og/eller valfritt tema. Diskutere mål og tilrå tiltak framfor ny vekstsesong.

 

Eitt gardsbesøk sommar eller haust, inntil ca. 2,5 t

Markvandring og/eller valfritt tema. Vurdere resultat av tiltak som blei sett i verk.

 

Oppdatering/gjennomgang av gjødslingsplanen

Gjeld for eit år som ligg mellom åra for utarbeiding av ny gjødslingsplan. Redigere arealoversikten, gå nøye inn på husdyrgjødselmengde og mengde/type mineralgjødsel på alle skifta.

 

Avlingsregistrering på eitt skifte på garden

Uttak av fôrprøver, veging av rundballar, oppmåling av areal og utrekning av avling pr. dekar. Analysekostnader kjem i tillegg.

 

Drenering

Besøk og vurdering av tiltak. Pris for evt. dreneringsplan vil kome i tillegg.

------------------------------------

Eller du kan velje eitt av punkta under for 3600 kr:

 

Presisjonslandbruk eller anna mekaniseringsrådgjeving

Besøk av rådgjevar Gunstein Dyrdal eller ein annan rådgjevar med relevant kompetanse. Valfritt tema. Tilbakemelding etter besøket.

 

Grundig økonomisk analyse av grovfôrdyrkinga på din gard

Besøk av økonomirådgjevar. Vurdering av resultat.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.