Mentorordninga i landbruket

28.09.2020 (Oppdatert: 28.09.2020)

Mentorordninga i landbruket går ut på at ein ny bonde gjer ei formell avtale med ein erfaren kollega om å bistå som diskusjonspartnar i drifta gjennom eitt år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet og tilleggsnæringar.

Frå oppstartsamlinga i Førde 24.01.20

I NLR Vest har vi 14 mentorpar i 2020. Sjå artikkel frå Bergens Tidende om ny bonde Elisabeth Hesjedal og mentor Kari Ersland, eller artikkel i Bondevennen om ny bonde Lillian Hovda og mentor Kjetil Rødland.

Årshjul

  • Oppstartssamling i januar 2021
  • Kommunikasjon og møte gjennom året mellom mentor og ny bonde
  • Sluttsamling i november/desember

Mentor får godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for ny bonde.

No kan du få vere med i Mentorordninga i landbruket i 2021, anten som mentor eller fersk bonde. 

 > Søk opptak til Mentorordninga i landbruket

 > Meld deg som mentor

 Søknadsfrist er 1. desember 2020. 

Regional oppfølging

Alle mentorpar blir knytt til ein regionkontakt i NLR. Før dei set i gang får dei opplæring i kva opplegget går ut på, og kva det vil seie å vere mentor. Opplæringa skjer regionvis der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møter kvarandre.

Mentorpara inngår ei avtale om kommunikasjon og møte gjennom eitt år. Mentor mottar 8000 kroner for arbeidet etter gjennomføring.

 

Søknadsfrist er 1. desember.  

 

 Les også:

Betre bønder med mentor 

Meningsfull mentorveiledning

Lærer mer om ullen lidenskap 

Bedre bær med mentor

Bonde hjelper bonde i mentorordning (Nationen)

Vil du bli med i mentorordninga i landbruket? (Landbruks- og matdepartementet)

Mangler du kårkall? Søk om mentor (Norsk Landbruk)



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.