Maskinførarkurs

14.05.2020 (Oppdatert: 14.05.2020)

Sommarjobb? Inngangsbilletten er her: Maskinførarkurs på Voss 12.-15. juni 2020

32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseforflyttingsmaskinar. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

 

Program

Fredag 12.06.2020 Kl. 17.00 – 22.00 Informasjon om kurset, utfylling av dokument, introduksjon.

Laurdag 13.06.2020 Kl. 09.00 – 17.00 Full teoridag

Sundag 14.06.2020 Kl. 09.00 – 17.00 Startar med teori, avsluttar med praktisk køyring etter mat.

Mandag 15.06.2020 Kl. 09.00 – 17.00 Startar med teori, avsluttar med teoretisk eksamen.

 

Pris 15-19 deltakarar kr 7 000,-/6 000,- (medlem i NLR)

Pris 20-24 deltakarar kr 6 500,-/5 500,- (medlem i NLR)

Pris over 25 deltakarar kr 6 000,-/5 000,- (medlem i NLR)

 

Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintypar. Prisen inkluderer òg ein framtidig oppkøyring med kompetansebevis.

Rabatt for medlem i NLR gjeld også ektefelle/dotter/son/tilsett.

 

Informasjon og påmelding innan 1. juni til

Mari Aker: tlf. 982 45 840 eller mari.aker@nlr.no

Ved påmelding: Send namn, adresse, mobil, fødselsdato

 

Arrangør NLR Vest. Fagleg ansvarleg KTO

 

16 år

Du kan ta teorikurs og eksamen

 

17 år

Du kan øvingskøyre om du har bestått teorikurs

 

18 år

Du kan køyre opp

 

 

Praksiskrav

Et bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få maskinførarbevis må du gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype.

 

Før køyreeksamen er det eit krav om minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må dokumenterast av ein fadder. Fadder er ein maskinførar med kompetansebevis/fagbrev og minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr. Deltakar må sjølv sikre seg tilgang på eigen fadder.

 

Praktisk køyreeksamen etter nærmare avtale. Denne er inkludert i prisen.

 

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil du få maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast  innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

 

Ta kontakt dersom spørsmål.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.