Sanninga om trusa og jorda

04.11.2020 (Oppdatert: 04.11.2020)

I sommar grov dei ned to underbukser for å finna ut noko om aktiviteten under jorda er bra – det såkalla jordlivet. No har dei grave den eine opp att.

SLIK SÅG HO UT: Holete truse betyr at det er god aktivitet i jorda, konkluderer bonde Kjartan Slettemark og Mari Aker frå Norsk Landbruksrådgiving på Voss. Foto: Lars Olve Hesjedal
Artikkel av Lars Olve Hesjedal i Avisa Hordaland 27.10.20. Du finn originalartikkelen her!

 

Det var like før jonsok at Kjartan Slettemark føretok nedgravinga heime på Rokne, som del av ein kampanje i regi av Norsk Landbruksrådgiving.

Og det er slett ikkje snakk om noko ny form for underbuksehumor. Ei nedgraven underbukse i bomull kan faktisk fortelja noko om kor sunn og god jorda til bonden er.

Bryt ned bomull

– Bomullsstoffet vert nemlig brote ned av mikroorganismane i jorda, seier rådgjevar Mari Aker i Norsk Landbruksrådgiving på Voss.

Trusa skal liggja i jorda i minst to månader og så gravast opp. Viss jorda er sunn og god, vil underbuksa vera holete og roten og meir eller mindre oppløyst. Ein ynskjer med andre ord å finna minst mogleg av underbuksa igjen.

Det var føresetnadene til Mari Aker ved Norsk Landbruksrådgiving på Voss då trusa vart graven ned i sommar.

Og no; ikkje berre to, men fire månader seinare kom sanninga, og trusa, for ein dag. Eller restane av trusa, kanskje? Det ville jo eigentleg vera det beste. For dess mindre truse, dess betre jordsmonn.

Slik vart resultatet

Me møter Aker og bonde Kjartan Slettemark på Rokne like etter at måndag morgon har vorte til måndag føremiddag. På denne sida av Voss er det kveldssol. Så det framleis dogg i graset på Bordalen, medan tåka ligg trolsk over Vangsvatnet.

Nokre spadestikk seinare er sanninga og trusa oppe i dagen:

– Og sjå her, ja! Den er fin og holete. Det vil seia at det her ei jord med bra aktivitet i. Det er konklusjonen, seier Aker i det ho held fram restane av ei av underbuksene til ei av døtrene til Slettemark.

– Det vitnar om at jorda er godt halden, seier ho til Slettemark.

– Eg har fokus på at jorda skal vera turr nok før eg køyrer utpå med traktor og reiskap, seier han.

Det er no niande året han driv gardsbruk på Rokne.

– Eg synest det er morosomt å få vera med på ein kampanje som dette, seier han.

Den andre trusa dei grov ned i sommar, finn dei rett og slett ikkje. Denne vart grave ned på ein del av ein bakke der jorda var meir samantrykt og jordaktiviteten truleg litt dårlegare. Dyra til Slettemark har beita her i haust og truleg er trusa trakka lenger ned i bakken.

Kvifor denne kampanjen?

Det er stort fokus på jord, jordliv og jordhelse både nasjonalt og internasjonalt.

– Grunnen er at jord med aktivt jordliv bind meir karbon og vil vera meir rusta for å tola ekstremvèr. Grasdekte jorde, som me har på Voss og Vestlandet, vil bidra positivt både i forhold til karbonfangst og erosjon. På Voss vert det no prøvd ut ulike driftsmåtar for å betra jordliv og karbonfangst i vestlandsjordbruket, seier Mari Aker i Norsk Landbruksrådgiving på Voss.

 

Dersom du abonnerar på Avisa Hordaland kan du også lese Underbuksa fortel sanninga om jorda 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.