Kan du produsere billegare grovfôr?

11.09.2020 (Oppdatert: 11.09.2020)

Har du oversikt over kostnadane med grovfôrproduksjonen? Ynskjer du å få eit betre grunnlag for å ta avgjerd om investeringar? NLR Vest inviterer til kurs i grovfôrøkonomi!

Kostnadane med å produsere grovfôr varierer frå bruk til bruk. Kva varierer og kva betyr mest for total kostnad?

Spørsmåla er mange: Kva skal ein eige og kva kan det løne seg å leige? Vil gamalt utstyr alltid gje billeg grovfôr? Er det mogleg å senke kostnaden eller redusere arbeidstimane? Er det moglegheit for samarbeid? Må du gjere alt sjølv, eller er det mogleg å leige inn maskiner eller folk?  

Kurset består av ein individuell gjennomgang og ei kurssamling.

 

Kursopplegg grovfôrøkonomi 2020/21

Kartlegging nov/des 2020: Gjennomgang på den enkelte gard

  • Individuell gjennomgang av kostnadar knytt til grovfôrøkonomi. Vi kartlegg areal, maskiner, arbeid og får grovfôrkostnaden på ditt bruk.
  • Kartlegginga tek 4-5 timar der bonden deltek på 2 timar i lag med rådgjevar.

 

Tidspunkt digital samling: Onsdag 27. januar 19.30-22.30

Deltakarane vil få tilsendt ein link på e-post i forkant. Du treng tilgang til ein PC og gjerne headset (med mikrofon).

 

Program: Tiltak for å redusere grovfôrkostnadane

  • Presentasjon av gardane
  • Maskinlinje tilpassa areal? Investeringar? Auke avling? Leigejord? Pris på leigejord? Pris på fôr? Kontroll på maskinkostnadane?
  • Dialog, erfaringsutveksling; kva kan vi lære av kvarandre

 

Frå NLR deltek maskinteknisk rådgjevar Gunstein Dyrdal og grovfôrrådgjevarar Helena Elvatun og Mari Aker.

Kursavgift

Samling vinter 2020: kr 3 000,- (medlemspris) per bruk som inkluderer kartlegging i forkant og digital samling med deltakarane.

 

Påmeldingsfrist: 1. desember

Spørsmål?

Gunstein Dyrdal, mob. 474 63 696 eller gunstein.dyrdal@nlr.no

Helena Elvatun, mob. 986 91 722 eller helena.elvatun@nlr.no

Mari Aker, 982 45840 eller mari.aker@nlr.no

 

I etterkant av kurset vil kartlegginga på garden din kunne nyttast for å styrke beslutningsgrunnlaget ved investeringar.

NLR Vest kan ta oppdrag på å korleis ei investering slår ut på grovfôrkostnaden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.