Ny jordprøvesesong

24.08.2020 (Oppdatert: 24.08.2020)

2. slåtten er i stor grad over, og vi går laus på ein ny sesong med uttak av jordprøver hjå medlemane.

 

Ny jordprøvesesong

2. slåtten er over, og vi går laus på ein ny sesong med uttak av jordprøver hjå medlemane.

NLR Vest tilbyr normalt ny gjødslingsplan kvart 4. år. I åra mellom må bonden sjølv notere seg årlege endringar i planen. Jordprøvene kan vere inntil 8 år gamle. Difor lagar vi ofte nye gjødslingsplanar utan å ta ut nye prøver.

 

Dei som må ha nye jordprøver i år er:

  1. Dei som sist tok jordprøver i 2012 eller tidlegare.
  2. Dei som har fått ny tilleggsjord sidan sist det blei teke jordprøver, eller sidan førre gjødslingsplan blei laga.
  3. Dei som har gjort større inngrep i form av fornying/kalking m.m., og som vil sjå resultat av dei endringane.
  4. Dei som driv stort med mange skifte, og som har forholdsvis få jordprøver frå før.

 

Påmelding?

Normalt har vi oversyn over alder på jordprøver hjå medlemane. Vi kan derimot ikkje vite om endringar i areal m.m. Difor er vi avhengige av påmelding frå nokre av dykk. Det er alltid bonden sitt ansvar til ei kvar tid å ha nye nok jordprøver og god nok gjødslingsplan.

 

Vi tek kontakt med dei av dykk som vi veit må ha nye jordprøver, så blir det opp til dykk andre om de vil ha nye prøver. Vi tek gjerne ein diskusjon omkring dette, så ta kontakt med din nærmaste rådgjevar!

 

Medlemsprisar:

Fast pris for frammøte: 300 kr

Tillegg for uttak, skjemautfylling, pakking og sending, pr. prøve: 110 kr

 

Er du ikkje medlem?

Du kan lett bli medlem ved å melde deg inn her på nettsida. Er du usikker, så ta direkte kontakt med ein rådgjevar, ring 98 24 58 38 eller send oss ein e-post: vest@nlr.no.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.