Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

13.10.2020 (Oppdatert: 14.10.2020)

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde i trå med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til 6 fond og legatar. Bønder,
forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå
avkastinga i fondet. Fonda som ligg under Landbruksselskapet er:

  • BU-fondet: Skal gå til å ta vare på og arbeide opp den gamle norske sauerasen.
  • Fjørfefonda skal nyttast til å fremje fjørfeavlen. Herunder Anton Mindes Legat og
    Hordalands fjørfeavlsfond.
  • Fabrikkeigar Anton Mindes Legat til fremme av fremragende gardsdrift og nydyrking
    og skal nyttast til framifrå drive gardsbruk, her under kanalisering og opparbeiding av
    kulturbeite.
  • Fondet til beite- og planteutvalet skal nyttast til plantedyrking, utprøving av ulike sortar og dyrkingsmetodar, gjødselforsøk, beiteforsøk, fôrkonservering.
  • Hordaland Landbruksselskap sitt privatfond skal nyttast meir fritt som i vid meining
    kan fremja landbruket og herunder tiltak for å gjera landbruksnæringa meir kjent i
    samfunnet.


Søknadar om tilskot må sendast til styret innan 15. november 2020. Søknadane kan sendast
til fmhokdb@fylkesmannen.no eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks
7315, 5020 Bergen.


Spørsmål kan rettast til Kari Elsa des Bouvrie, tlf. 55 57 20 22 eller fmhokdb@fylkesmannen.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.