Treng du råd om grønsak- og potetdyrking?

15.05.2020 (Oppdatert: 15.05.2020)

Då kan Gunnlaug hjelpe deg. Ho har kontor på Voss. Du treff henne på mobil 982 45 835, eller e-post: gunnlaug.rothe@nlr.no.

Det er rådgjevar Gunnlaug Røthe som no følgjer opp grønsak- og potetdyrkarane i NLR Vest. Gunnlaug har lang erfaring og god kompetanse innafor området, og er spesielt dyktig på gjødsling, jord- og jordkultur. Gunnlaug har eit godt nettverk med dei andre grønsak- og potetdyrkarane i NLR organisasjonen, og drøftar ved behov, spørsmål med dei, før ho gjev dyrkarane tilbakemelding. Gunnlaug gjev også råd om småskala grønsakdyrking, andelslandbruk og marknadshagar, og ho har god kompetanse på økologisk dyrking.

NLR Vest har også ein rådgjevar i potet- og grønsakdyrking med kontorplass i Lærdal. Rådgjevaren er for tida sjukmeld. Vi har lyst etter vikar som vi håpar kan vere på plass om ikkje så altfor lenge. I mellomtida har vi avtalt med NLR Agder at rådgjevingsmeldingane dei sender ut til sine "potetmedlemar", også vert sendt til medlemar med potetdyrking i NLR Vest. Vi sender også ut felles NLR-skriv til grønsakdyrkarane. Har du som er medlem ikkje fått desse meldingane? Ta kontakt med oss, så fører vi deg inn på lista.

I Lærdal startar vi i år opp eit nytt forsøks- og utviklingsprosjekt som har fokus på tiltak som kan betre jordhelsa i potet- og grønsakproduksjonen. Vi skal prøve ut bruk av fangvekstar og kompost, spesielt etter hausting av tidlegpotet. Dette vil gje nyttig kunnskap med omsyn til klima, jordliv og lagring av karbon og kva kvar enkelt dyrkar kan gjere for å produsere mest mogleg klimavenleg. 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.