Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa i mange land, bl.a. i Noreg. For å hindre smitte frå ville til tame fuglar har Mattilsynet innført «portforbod» for fjørfe i fleire fylke, også i Vestland.
Eit portforbod vil seie at alle tamfuglar i høgrisikoområde skal vere innandørs eller eventuelt under tak.
I tillegg må hobbyfjørfe i risikosonene registrerast: Registrere hobbyfjørfe hos Mattilsynet
Portforbodet gjeld også for økologiske fjørfe. Økologiregelverket tillèt å halde fjørfe inne eller under tak i ein avgrensa periode på grunn av slike restriksjonar. Dette har difor ikkje innverknad på økologigodkjenninga av verksemder eller statusen på produkt.
Les meir her: Fugleinfluensa i Norge høsten 2020 | Mattilsynet
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134