EKSTRA RÅDGJEVINGSTILBOD I KORONATIDER

20.03.2020 (Oppdatert: 20.03.2020)

Som del av HMS-avtalen tilbyr NLR Vest individuell gjennomgang av smittevernplan, beredskapsplan og rutinar for stell og dagleg drift på garden. Vi brukar internett eller telefon. Ta kontakt med din HMS-rådgjevar for å avtale tid. Vi brukar Teams, men du treng ikkje innstallere dette på eiga maskin for å vere med. Du må ha nettlesar Crome eller Edge for å få det til. Det er sett av ein time til kvar gjennomgang.

Foto: CDC, Alissa Eckert

UNNTAKSTILSTAND

Det er unntakstilstand i landet vårt, og svært mykje av samfunnet har stogga opp. Alle HMS-besøk og kurs er sette på vent. Korleis situasjonen er om to veker, tre veker, ein månad, kan vi berre gisse oss til, og vone at alt nærmar seg normalen att. I mellomtida prøver vi å vere digitalt tilgjengelege, både individuelt og med kurs.

«HAN KJEM DEN DAGEN»

Uansett nedstenging av samfunnet, må alle ha mat, husdyra våre må ha stell og fôr, mjølk må mjølkast og hentast, dyr må sendast til slakt. Poteter, såkorn, kål, jordbærplantar og andre vekstar må snart i jorda dersom det skal bli avling ut på sommaren og hausten.

SMITTEVERN

Smittevernplanen hjå dei fleste er ikkje tilpassa koronasmitte, eller særskilt retta mot smitte mellom menneske, men er eit godt utgangspunkt for å legge ein plan som både kan hindre smitte inn på din gard, og ut av din gard. Det primære no er å unngå å bli smitta, sekundært å hindre smitte vidare til andre. Smittevernråd og informasjon om korona finn du mange stader. Gode oppdaterte sider er helsenorge.no, fhi.no, og bondelaget.no. HMS-rådgjevaren går i møtet konkret gjennom planen i lag med deg.

RUTINAR FOR DRIFT OG STELL

Kan andre overta ditt fjøs eller di drift frå i morgon tidleg, utan at du er der og forklarar? Har du tydelege rutinar for dagleg stell, fôrmengder og typar, rekkefølge på handlingar, innstilling, oppstart og stogging av ulike maskiner osb. HMS-rådgjevar kan her hjelpe deg med opplisting og beskrivelsar, og kanskje stille dumme spørsmål om ting du ikkje har tenkt på, eller tenkjer er sjølvsagde for alle.

BEREDSKAPSPLAN/PLAKAT

Beredskapsplan er det vi set i verk når vi ikkje greier å handtere ein situasjon vanleg, men må setje inn særskilde tiltak. Desse planane handlar ofte om brann, naturskade og alvorleg ulukke. No må vi tilpasse den til koronasmitte mellom folk. Kritisk punkt ved sjukdom vil ofte vere å få inn arbeidskraft som umiddelbart kan ta over drifta på garden, dersom du vert sjuk. Landbruksvikar og avløysar gjennom landbrukstenestene er viktige å ha, men det blir fort for få av dei ved eit omfattande utbrot. Difor bør familie, vener, naboar inn som ein del av beredskapen på garden. Synlege rutinar for drift og stell er ein viktig del av beredskapen. Like eins nok lager av kraftfôr, grovfôr og forbruksmateriell. HMS-rådgjevar hjelper deg med den konkrete planen og å få oppdatert beredskapsplakat.

KORLEIS HAR DU DET, EIGENTLEG?

Ikkje å vite er ei belastning i seg sjølv, og vi kjenner oss vel alle litt anspente for tida. Litt ilt i halsen og hoste; er det forkjøling eller korona? Kan eg ha smitta nokon i risikogrupper? Vi kan ikkje teste eller gje deg svar på det, men HMS-rådgjevaren tek gjerne ein prat om det generelle i situasjonen, og dei særskilde bekymringane du har i di drift.

Ynskjer du eit HMS-besøk på garden, eller vil du vite meir om HMS-avtalen og andre tilbod frå oss, så ta kontakt med ein av HMS-rådgjevarane:

 

Sunnmøre:

Trude Iren Saure,

mob. 975 28 775,

e-post: trude.iren.saure@nlr.no 

 

Dag Erik Hauge

mob. 976 59 609,

e-post: 

 

Sogn og Fjordane:

Kolbjørn Taklo,

mob. 913 96 560,

e-post: kolbjorn.taklo@nlr.no

 

Hordaland: 

Øystein Tholo,

mob. 957 78 279,

e-post: oystein.tholo@nlr.no

 

Du kan også lese meir om HMS-tenesta vår her: https://hms.nlr.no/



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.