Digital Rådgjeving i NLR Vest

20.03.2020 (Oppdatert: 20.03.2020)

Våre rådgjevarar er veldig opptekne av å gjennomføre digitale møte og kurs med våre medlemar! «Teams» er ei samarbeidsplattform og kan vere eit bra alternativ til fysiske møte og arrangement. Du kan vere med i møte og sjå på presentasjonar, lytte og stille spørsmål. Dette er ganske enkelt!

Framgangsmåte: 

  1. Invitasjon 
    • Rådgjevaren din sender deg ein invitasjon til eit Teams-møte per e-post, eller 
    • Ein link blir lagt ut på vår nettside. 
  2. Du treng ikkje laste ned appen! Du kan bli med på nettet i staden. 

Trykk på knappen «Bli med i Microsoft Teams-møte». Nokre sekund seinare blir det opna ei nettside i din nettlesar, og då vel du «Bli med på nettet i stedet». 

 3. Føredragshaldaren kan dele skjerm med deg. Du kan lytte og stille spørsmål: 

4. Tips: Om mogeleg, bruk hovudtelefonar med mikrofon, gjerne med USB. Då blir lyden betre for alle i møtet. 

Gå inn i møtet 2-3 minutt før avtalt tidspunkt, slik at du er klar ved oppstart. Du kan forlate møtet og kome tilbake når som helst (sjå 2).  

Hugs at mikrofonen alltid står "av/mute". Trykk "på" berre når du skal snakke! 

Vi gleder oss til mange spennande møte. Ta kontakt med rådgjevaren din dersom du lurer på noko! 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.