Gratis datakurs med utgangspunkt i dine ferdigheiter

17.08.2020 (Oppdatert: 21.08.2020)

No har du som medlem i Norsk Landbruksrådgiving høve til å gå på datakurs. Dette vil gi deg auka kompetanse, sikre større tryggleik for arbeidsplassane og føre til endå betre drift. Opplæringstilbodet er profesjonelt utarbeidd i samarbeid med Folkeuniversitetet. Norsk Landbruksrådgiving har fått midlar til kurset som dekker kursavgifta. Nytt høve og meld deg på kurs no!

KURSINNHALD:

 

  • Windows og Microsoft Office
  • Oppbygging av tekst. Utarbeide rapportar og tabellar
  • Nyttige malar for HMS og HMS i praksis. Lage ditt eige system for dokumentasjon
  • Datatryggleik og sikker lagring.
  • Nyttige nettsider og offentlege tenester
  • Excel
  • Finansieringsmodellar
  • Budsjett
  • Passordsystem/organisering av passord
  • E-post, vedlegg, kopi av e-post og andre funksjonar
  • Individuelle behov og ønskje for opplæring

 

Du treng ikkje ha så mykje erfaring med data frå før, då lærar vil leggje opp til individuell tilpassing.

Kurset vert gjennomført over 50 timar, tidspunkt for kvar undervisningsdag blir avtalt nærare med lærar på kurset, slik at alle har moglegheit til å møte.

 

Kursstart: 16. september 2020 kl. 14:00

Kursstad : Dalsøyra, Gulen kommune.

 

Kursstart: 16. september 2020 kl. 14:00

Kursstad : Dalsøyra

Kurset er gratis!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.