Brann hjå einaste leverandøren av økologisk kraftfôr til svin og fjørfe

16.07.2020 (Oppdatert: 16.07.2020)

Det har vore brann hjå Felleskjøpets einaste produksjonsanlegg for økologisk kraftfôr til svin og fjørfe. I samsvar med regelverket for økologisk produksjon er det i slike særlege situasjonar førebels lov til å bruke konvensjonelt fôr i ein avgrensa periode. Kvar gardbrukar må sjølv søkje om løyve hjå Mattilsynet.

Tirsdag 14. juli blei det oppdaga brann i ein råvaresilo hjå Felleskjøpet på Lena i Toten (Foto: Åsmund Langeland, NLR Innlandet).

Felleskjøpets anlegg på Lena er landets einaste produsent av økologisk kraftfôr til svin og fjørfe. Som følgje av ein brann i ein råvaresilo er prodsuksjonsanlegget førebels ut av drift. 

 

Det er førebels lov å bruke konvensjonelt fôr, men kvar enkle gardbrukar må sjølv søkje om løyve hjå Mattilsynet:

SØKNAD OM FØREBELS LØYVE TIL Å BRUKE IKKJE-ØKOLOGISK KRAFTFÔR 

Produkta beheld sin økologiske status.

Felleskjøpet kontaktar alle økologiske gårdbrukarar for svin og fjørfe med informasjon om saken og korleis den skal følgjes opp. Det jobbast med å finna løysingar, men det er uklart kor lenge det blir driftsstans i den økologiske fôrproduksjonen.

Produksjonen av økologisk kraftfôr til drøvtyggarar er førebels overført til fabrikken på Rindsem. 

 

Ta kontakt med rådgjevaren din dersom du treng hjelp med å skrive søknaden om dispensasjon.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.