
HMS-rådgjevarane i NLR Vest vil i 2021 halde 3 ulike fagmøte med aktuelle HMS tema. Møta vert på Teams, eksklusivt for medlemar med HMS-avtale, og du kan delta på alle møta om du vil.
Før kvart fagmøte får du ein epost med informasjon og påmelding. Når du har meldt deg på, får du invitasjon med lenke til pålogging. Møta er sette opp til å vare ca 1 time.
Møta krev ikkje at du er aktivt deltakande, vi ynskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod, der du kan lytte til presentasjon av eit fagtema medan du tek lunsjpausa, eller ein pust i bakken frå utearbeidet. Vi er sjølvsagt opne for diskusjon og spørsmål på møta.
HMS er som alle andre fag ferskvare, og vi håpar de tek dykk tida til dette påfyllet av HMS.
Psykisk helse med tittel «Sterk bondepsyke» er fyrste tema. Der vil HMS-rådgjevar Trude Iren Saure fokusere på korleis ein kan trene opp og vedlikehalde den psykisk helsa til å tåle ulike belastningar utan å gå på ein smell.
Bli med og styrk helsa di tysdag 26.januar kl. 11:00
Er du ikkje HMS-medlem? bestill avtale her:
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134