AVLYST: Velkomen til kystgardsamling i Hatlevik på Ålforo i Fitjarøyane!

05.03.2020 (Oppdatert: 16.03.2020)

Dette er 7.året og 7.øya vi arrangerer temadag om kystgard og kystlynghei i Fitjarøyane.

Førebels program:

Fredag 27. mars:

  • Kl. 15.00         Båt frå Fitjar
  • Kl. 15.30         Kaffimat og drøs ved bedehuset
  • Kl. 17.00         Markvandring rundt Hatlevik; vatn og drenering, Leif Trygve Berge, NLR Vest
  • Kl. 19.00         Betasuppe

Tiltak mot svartelista artar som sitkagran og parkslirekne

Forteljingar frå Fitjarøyane og Hatlevik

Laurdag 28. mars:

  • Kl. 10.00         Rasmus Hatlevik tek oss med på skulevegen og fortel
  • Kl. 12.00         Formiddagsmat og planlegging av dagens lyngsviing
  • Kl. 13.00         Sviing av lyngbeite
  • Kl. 16.00         Båt til Fitjar

 

Påmelding til SFLMK asno@fitjar.kommune.no eller tlf. 5345 8500 innan onsdag 18. mars. Gi gjerne beskjed før.

Gje tilbakemelding på behov for båtskyss, deltaking begge dagane, evt. fredag eller laurdag. og ynskje om overnatting.

Ta med: Eigna klede og sko til sviing, dvs ikkje syntetiske klede! Har du brakjesaks eller utstyr til brenning, så ta det gjerne med.

Deltaking skjer på eige ansvar!

Helsing prosjektgruppa 2020: Ida og Rune Hatlevik Tvedt og Rasmus Hatlevik, Turid Bjordal, Maien Koppang og Aase Nøttveit (SFLMK)

Ta kontakt om du har spørsmål



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.