Ynskjer du tettare oppfølging gjennom sesongen?

12.04.2019 (Oppdatert: 30.04.2019)

For deg som dyrkar grovfôr, har vi no utvikla eit tilbod som skal sikre deg samanhengande rådgjeving gjennom heile vekstsesongen, til ein god pris. Ved å kartleggje areala dine og prioritere rett tiltak, legg du til rette for høgare avling.

Rådgjevingspakken heiter NLRpluss Grovfôr. Innhaldet kan vere:


Tre besøk i løpet av vekstsesongen, vurdering av jord, plantevekst, slåttetidspunkt, ugrasmengde, fornying, reparasjon mm.

Besøk 1: Tidleg om våren. Gå over arealet og vurdere tiltak i eng/beite framfor ny sesong. Fornying/reparasjon av eng m.m.

Besøk 2: Før 1. juli. Vurdere tilstanden i eng og attlegg, ugras, slåttetidspunkt, gratis uttak av grasprøve før slått, gjødsling etter 1. slått m.m.

Besøk 3: Etter siste slått. Oppsummering av sesongen. Vurdere tiltak som haustsprøyting mot ugras, kveketilstanden, brakking, gratis uttak av fôrprøve m.m.

Problemstillingane er ikkje like frå gard til gard. Difor opnar vi for at innhaldet i pakken kan vere annleis enn skissert ovanfor. Du kan inngå avtale med din rådgjevar om kva pakken skal innehalde.

Normalt gjev vi kort skriftleg rapport etter kvart besøk, men dette kan sløyfast etter avtale. Telefonrådgjeving i løpet av sesongen inngår også i denne rådgjevingspakken.

Grunnpris kr 3500 (pris kan avvike frå dette etter avtale)

Tinging av avtale via PÅMELDINGSSKJEMA eller hjå din lokale rådgjevar.

Tinging av avtale via PÅMELDINGSSKJEMA eller hjå din lokale rådgjevar.

Her finn du din næraste rådgjevar

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.