Vossakvann - ei av dei eldste kulturplantane

12.06.2019 (Oppdatert: 12.06.2019)

Vossakvann reknast som den einaste kultiverte grønsaken med opphav i nordisk flora. Vossakvann er ein kultivert form av Fjellkvann, som skil seg ut ved at bladstenglane er delvis fylte og at den har ein mildare smak.

Kvann har vore brukt som grønsak og medisinplante i tidlegare tider. I dei seinare åra har det vore stor interesse kring denne planta. Nyare måtar å bruke planta på er som pickles, i iskrem, øl og ost! TINE Meiereiet på Voss produserte for ei tid sidan ei norwegiaost med bitar av kvann - snakk om god ost med lokalt preg!

Om kvann skal nyttast i større skala må vi få opp dyrkinga. Tidlegare hadde gardane eigne 'kvanngardar'. Det finst heldigvis restar av planta enkelte plassar på Voss, og det blir jobba med å ta vare på frø og plantar frå dei 3-4 forskjellige lokalitetane.

NLR Vest har fleire forsøksfelt med kvann. Bilde av felt er frå Olde på Bordalen. Blomen til den vaksne kvannplanta er frå eit anna felt med frø frå Markusteigenlinja.

Fylkesmannen har støtta dette arbeidet. Primus motor i landbruksrådgiving har vore Jorunn Ringheim Hernes, og sjølv om ho no har gått av med pensjon nyt vi godt av kunnskapen ho har. Plantane er sådd, prikla om og overvintra på gården hennar på Evanger.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.