Tiltak mot smågnagarar på gardsbruk- ny autorisasjonsordning

05.09.2019 (Oppdatert: 06.09.2019) Olav Martin Synnes

Fire medarbeidarar frå NLR Vest har nyleg fått opplæring hos Mattilsynet og Folkehelseinstituttet. Vi vil tilby autorisasjonskurs for medlemar også komande vinter. Integrert gnagarkontroll omfattar inspeksjon, førebygging, mekaniske tiltak, kjemiske tiltak og overvaking.

Mus, rotter og vånd kan gjere stor skade, også på gardsbruk. Dei siste åra har mange gardbrukarar leigd profesjonelle firma for å ta seg av kampen mot skadedyra. Styresmaktene har nyleg opna for at eigarar og brukarar av gardsbruk kan gjennomføre denne kampen sjølve. Eit vilkår er at vedkomande har autorisasjon for bruk av plantevernmiddel. Det er også stilt krav om eit tilleggskurs på fem timar, pluss teorieksamen. Autorisasjonen skal fornyast kvart tiande år.

 

Vi vil sende invitasjon til kurs i nær framtid, i alle delar av regionen. 

 

Plassering av kursa:

Sunnmøre: to kurs i november, eitt på Nordre Sunnmøre og eitt på Søre Sunnmøre.

Sogn og Fjordane: to kurs i november, eitt i Nordfjord og eitt i Sogn.

Hordaland: to kurs i november-desember.

Spørsmål kan rettast til våre «lærarar»:

 

Hordaland: Mari Aker, tlf. 98245840, Leif Trygve Berge, tlf. 98245839

Sogn og Fjordane: Rune Vereide, tlf. 90169501

Sunnmøre: Olav Martin Synnes, tlf. 99573688



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.