Teljedato og slakting før eller etter 1. mars?

12.02.2019 (Oppdatert: 12.02.2019) Sigmund Larsen

1. mars er teljedato for produksjonstilskot og avløysartilskot, og då dukkar det opp spørsmål om det løner seg å slakte lam før eller etter denne datoen.

Foto: Dag-Arne Eide

Fylgjande reglar gjeld:

Tilskot for husdyr:

Sau/lam fødd året før eller tidlegare:

  • 1-126 : kr 868,- /dyr
  • 127 og meir: kr 194,- /dyr

For økologisk produksjon er det eit ekstratilskot på kr. 397,- /dyr.

Tilskot til lammeslakt O+ og betre: kr 450,- pr stk 
Tilskotet blir ikkje utbetalt for lam født året før og som blir levert til slakteriet frå og med 1. mars eller seinare. Dette er gjort for at ein ikkje skal få utbetalt både dyretilskot og lammeslakttilskot på det same dyret. 

Teljinga 1. mars er óg grunnlag for utbetaling av avløysartilskotet på kr 432,- per sau/lam. Brukast avløysar aktivt så lyt ein óg tenkje på avløysartilskotet:

Tilskot avløysing (berre sau/lam)

  • 1-182 : kr. 432,-/dyr
  • >182 : kr. 0,-

Maksimalt avløysartilskot er kr. 78.700,- og har ein andre husdyrproduksjonar i tillegg til sau, lyt ein ta omsyn til desse også.

Levering etter 1. mars

Ved innlevering av lam etter 1. mars, kan ein framleis få slaktepris for lam dersom dyra har lammepreg. Etter 15. april vert "lamma" prisa som ung sau.

Fõring

Det er viktig å ha fõringskostnadane ved seinare levering med i vurderinga.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.