Løftar teknikkfaget med fagmøte

10.01.2020 (Oppdatert: 14.01.2020)

6. og 7. februar kan du høyre heile 26 fagforedrag om maskinteknikk og presisjonslandbruk på NLR Teknikkmøtet på Gardermoen. Rådgivar i NLR Vest, Gunstein Dyrdal, er med.

NLR sin spesialutstyrte bil med 5 posisjonsystem, som vert brukt til å kartleggje signaldekninga rundtom i landet.

Gunstein bygde opp NLR sin dekningsbil som blir brukt til å sjekke posisjonssignal for landbruket. Bilen, og kva funn den har gjort, blir sjølvsagt omtalt på møtet. I tillegg skal Gunstein ha ein gjennomgang av kva som finst av presisjonsutstyr på den norske marknaden, frå det som passar i bratte bakkar til det som høver på store flater.

− Her kjem ein heil flokk med flinke bønder, rådgivarar og spesialistar, som stig opp på podiet for å dele sine erfaringar på alt frå faste køyrespor til robotisert ugraskamp, framhevar Gunstein.

Noko for alle

− Eitt av måla med NLR Teknikkmøtet er å heve kunnskapen om kva som finst av utstyr, og korleis du best kan utnytte det du alt har, fortel Jogeir M. Agjeld, ansvarleg for teknikksatsinga i NLR.

Foredragshaldarane kjem frå heile landet, og representerer eit vidt spekter av produksjonar og maskintypar. Her får du høyre kvifor ein bonde med høvesvis stor drift i Østfold satsar på ein ganske liten traktor, og kvifor bøndene på Haugalandet har selt nesten alle gjødselvognene sine. Ein bonde frå Nordland fortel om sine erfaringar med seksjonskontroll på gjødselspreiaren. Du kan lære meir om moderne dekkteknologi, og kvifor det ikkje støtt er slik at dei største hjula gir lågast jordpakking.

Møtet skal vere like aktuelt, same om du driv med korn, grovfôr, poteter eller andre produksjonar. Planen er at du finn noko som kan fenge, enten du driv med minimalt med elektronisk bistand, eller om du er i tetsjiktet på presisjonsdyrking.

Nederlandsk høgdepunkt

NLR er stolte over at nederlandske Jacob Van Den Borne deltar med eit lengre innlegg. Han er rekna mellom dei fremste presisjonsbøndene i verda, samstundes som han er kjent for å snakke jordnært, praktisk og tydeleg.

Lær av andre og av kvarandre

Attåt dei 26 ulike foredraga, har du godt høve til å diskutere fag med kollegaer frå heile landet. Torsdag kveld blir det maskinteknisk festmiddag med norske råvarer, og på fredag er det tid til ei romsleg økt med fagmingling, der det er lagt til rette for at du lett skal finne andre å snakke med som har dei same interessene som deg.

Vel verd å bli med på!

Program og påmeldingsskjema finn du på nlr.no. Påmeldingsfristen er 27. januar.

− Eg håpar verkeleg at eg får treffe mange frå NLR Vest sitt distrikt på Gardermoen desse dagane, for her er det mykje nyttig kunnskap å hente med seg heim, kommenterer NLR-rådgivar Gunstein Dyrdal.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.