NLR Vest har ledig stilling som Rådgjevar i frukt- og bærdyrking (100 %)

14.06.2019 (Oppdatert: 15.07.2019)

I Sogn og Fjordane har vi ledig fast stilling for rådgjevar med kompetanse på frukt- og bærdyrking. Etter drøftingar med aktuelle søkjarar blir det avgjort om stillinga blir plassert ved kontoret vårt på Leikanger, eller på Sandane. På begge kontora har vi erfarne rådgjevarar som er ein del av eit aktivt og godt fagmiljø innan frukt- og bærdyrking. Den nytilsette vil arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane i faggruppe for frukt og bær. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt.

Aprikosblomstring i Fresvik

Arbeidsoppgåver:

 

  • Rådgjeving til frukt- og bærdyrkarar 

  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt

  • Informasjonsverksemd

  • Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar

 

Vi tilbyr:

 

  • Varierte, og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på frukt- og bærnæringa

  • Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse

  • Gode høve for fagleg utvikling

  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar

  • Løn etter avtale

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

 

  • Interesse for og kompetanse innan frukt- og bærdyrking

  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan jord- og plantekultur

  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner

  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd

Om arbeidsgjevaren

 

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekkjer seg frå Sunnmøre til Sunnhordland. Vi har om lag 30 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.

Løpande søknadsfrist!

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

fagleiar for frukt og bær Stine Huseby,  

stine.huseby@nlr.no  mob. 48040498

eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mob. 98245830.

 

Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA:  vest@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.