Ny runde med sertifiseringksurs i varme arbeid

07.02.2019 (Oppdatert: 07.02.2019)

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko,og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann. Forsikringsselskapa stiller krav til sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og det gjeld og for eventuell brannvakt.

Kurset tek føre seg:


•Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
•Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
•Brann- og sløkkjeteori
•Risiko ved utføring av varme arbeid
•Praktisk slokking
•Eksamen

Kurset er på 7,5 timar med eksamen og sløkkjeøving.

Undervisninga følgjer mal frå Norsk Brannvernforening og dekkar alle bransjar, men vi har lagt til ein del konkrete hendingar som handlar direkte om dei farar som er særskilde for landbruket.

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for Varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Pris: 1800 for medlemar i NLR, 1600 for medlemar med HMS-avtale og 2500 for andre.

Kurslærar:

Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS. Kolbjorn.taklo@nlr.no Tlf 91396560

Saknar du kurs der du bur? Ta kontakt, så ser vi kva vi kan få til.

Påmelding

Dato og stad for kurs

Alle kursa går frå kl 09:30-17:00

18.03.19 Sandane
25.03.19 Furebuda, Stadlandet
26.03.19 Sunde Fjordhotell, Solavågen
28.03.19 Mjølkerampen, Sande
29.03.19 Sogndal
01.04.19 Hardanger prod. skule, Ulvik
02.04.19 Kommunestyresalen, Rosendal
04.04.19 Balestrand NB! Arr. i lag med og sponsa av bondelag og kommune, ekstra rabattar!

Påmelding



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.